Raggisland

Ei hjartesukkside

Langspurt


For dei av dykk som ikkje spring so mykje; spurt er vondt. Og langspurtar er ikkje betre. No kjennest det som om eg spring maraton. Det har eg aldri gjort, men det høyrest fælt ut, so eg trur det er eit godt bilete på det eg held på med. Lat meg prøva: Eg starta ut med ambisjon om å gjera det best i mosjonistklassen. Saman mes slike som tek rastepausar og brått finn på noko anna under vegs. Det gjekk bra. Men so, plutseleg kom eg på at eg måtte koma i mål før det vart mørkt - her vil det seia før eg og lånekassen går lei - og so starta langspurten. Og der er eg no. Altfor langt att til mål, og altfor kort tid å greia det på. Iallfall med kondisen min. Korleis løyser ein det?

Biletet viser korleis det ser ut rundt meg der eg jobbar, og er nok ein god illustrasjon på korleis det ser ut inne i hovudet mitt òg.

Nokon som framleis lurer på korleis eg har det? Berre ring, men då må de snakka litt fag, ja.

 

5 Kommentarar:

16:15, skreiv Blogger guffen...

spurt er vondt, men på den andre sida vert du fortare ferdig med heile springinga dersom du spurtar.

 
11:12, skreiv Blogger Ragnhild...

Eg ser målstreken!

 
22:01, skreiv Blogger Ragnhild Bjorge...

Det er godt de ser den streken for meg, for her ser eg ikkje skogen for berre papir, vegen for berre trafikklys og alt det der :)

 
14:31, skreiv Anonymous Anonym...

og eg e berre steikje gla eg ikkje e heima nett no og kranglar med deg om plassen???? rundt bordet...

 
22:31, skreiv Blogger Tone Helene...

Du står han av, denne gangen og...Og ikke glem at du er sterkere enn du tror! (Vi har snakket om det der noen ganger. Det gjelder oss begge har vi konkludert med.)
Jeg er stolt av deg, og veldig glad i deg!

Klem!

 

Legg inn en kommentar

<< Attende til framsida