Raggisland

Ei hjartesukkside

Her kjem eg i frå!



Eg har jo ein tendens til å smila og å vera glad, og kanskje lurer de på kvifor det? Sjølvsagt kan det vera av di eg faktisk er glad og hyggjeleg, men det kan jo ha andre årsaker - kven veit? Bergens Tidende kan fortelja eit eventyr om kva som skjedde i kommunen min då eg var 14 år og som truleg har sett djupe spor i sjela mi og ikkje minst har forma ein kvar slogstril frå Sund til ei smilande sol. Kanskje starta det med Sundoptimisten i 1981-82? Men det tok vel av med gla'kommunen litt seinare. Vel uansett, her kan de lesa om kommuene som framleis smiler, 15 år etter.

Diverre fann eg ikkje noko bilete av den smilande Sund-sola, men eit gamalt og eit nytt Sund-fyrtårn det er ikkje so verst det heller?

 

2 Kommentarar:

09:30, skreiv Anonymous Anonym...

Jau, den sola trur eg mange hugsar. Og det er godt at nokre av oss framleis smiler. Det er mogeleg det har meir med den grunnleggande naturen i deg å gjere enn akkurat Arne Olav Nilsen, eller?

 
09:37, skreiv Blogger Ragnhild Bjorge...

Vanskeleg spørsmål, det der. Må tenkja litt no.
...

 

Legg inn en kommentar

<< Attende til framsida