Raggisland

Ei hjartesukkside

Eit kjempehjartesukk på vegner av andre

Dette som Olaug har skrive i Eit eige rom med utsikt talar vel heilt og fullt for seg sjølv. Boikott Aftenposten òg, seier no eg.

 

Midt i september

No er eg i Volda att og sit faktisk og les Habermas. Det er jo fint å gjera ein slik dag, når han faktisk har fått ein pris. Veit ikkje om det er lettare å hugsa på det eg les av den grunnen, men likevel.

Ein dag skal eg forresten fortelja dykk om dei fantastiske opplevingane ein kan få om ein sit på Riksarkivet og rotar i gamle arkiv etter ting ein er interessert i. Men nett no har eg ikkje tid til det, men eg har tid til å skriva at eg er i gang med oppgåva mi! Må nok leita ein del til etter stoff, men det er godt å kjenna at eg er komen eit steg vidare. No treng eg berre fleire timar kvar dag til å arbeida på og nokre godt tips til korleis vera mest mogleg opplagt - til ei kvar tid.

Elles må eg skryta litt av Dag og Tid for eg likar dei jo eigentleg ganske godt, sjølv om eg ikkje alltid er like nøgd med stoffvinkling, skribentar og slikt, men kvar gong eg lurer på noko eller spør om dei kan senda meg ein tekst eg har rota vekk eller burde ha lese, so får eg det med det same! Det er heilt supert! Tusen takk, PAT!

 

(Side-)målbar i Bergen og litt om meg

Eg var ikkje og høyrde ordskiftet der mållagsleiaren møtte bokbrennaren i Bergen, men eg har høyrt ymse referat frå møtet. No har det seg slik at superkvinna i Bergen sjølvsagt var der, og har skrive eit fint referat frå det som hende der. Det kan de lesa i/på eit eige rom med utsikt.

Eg oppheld med i hovudstaden for tida, eller rettare sagt på Riksarkivet. Det prøvar eg å samla kjelder til masteroppgåva mi om norskdomsrørsla i tida rundt andre verdskrigen. Siste veka har eg lese arkivmateriale frå Noregs Ungdomslag og skal snart over på Noregs Mållag, alt frå 30- og 40-talet, pluss nokre landssviksaker. Elles er eg heller naiv og rekna med at eg skulle koma meg gjennom alt eg hadde bruk for på to veker, men det er rett og slett ein illusjon. Det ser rett og slett ut til at eg må vera i Oslo litt lenger enn planlagt. Ok, litt dumt når eg tenkjer på alt det er eigentleg har å gjera, både med eksamen til jul, men jobben min og med oppgåva, men på ei anna side er det jo utruleg kjekt å dukka ned i desse kjeldene og rett og slett kunna verta verande der ei stund! (Hin dagen skreiv eg 1943, då eg skulle fylla ut dagens dato på eit slikt kort som må fyllast ut for å få opp nye protokollar på bordet mitt.) Men, dersom det er nokon som hal litt tid til overs, kan dei gjerne få lov til å hjelpa meg på i akrivarbeidet!