Raggisland

Ei hjartesukkside

(Side-)målbar i Bergen og litt om meg

Eg var ikkje og høyrde ordskiftet der mållagsleiaren møtte bokbrennaren i Bergen, men eg har høyrt ymse referat frå møtet. No har det seg slik at superkvinna i Bergen sjølvsagt var der, og har skrive eit fint referat frå det som hende der. Det kan de lesa i/på eit eige rom med utsikt.

Eg oppheld med i hovudstaden for tida, eller rettare sagt på Riksarkivet. Det prøvar eg å samla kjelder til masteroppgåva mi om norskdomsrørsla i tida rundt andre verdskrigen. Siste veka har eg lese arkivmateriale frå Noregs Ungdomslag og skal snart over på Noregs Mållag, alt frå 30- og 40-talet, pluss nokre landssviksaker. Elles er eg heller naiv og rekna med at eg skulle koma meg gjennom alt eg hadde bruk for på to veker, men det er rett og slett ein illusjon. Det ser rett og slett ut til at eg må vera i Oslo litt lenger enn planlagt. Ok, litt dumt når eg tenkjer på alt det er eigentleg har å gjera, både med eksamen til jul, men jobben min og med oppgåva, men på ei anna side er det jo utruleg kjekt å dukka ned i desse kjeldene og rett og slett kunna verta verande der ei stund! (Hin dagen skreiv eg 1943, då eg skulle fylla ut dagens dato på eit slikt kort som må fyllast ut for å få opp nye protokollar på bordet mitt.) Men, dersom det er nokon som hal litt tid til overs, kan dei gjerne få lov til å hjelpa meg på i akrivarbeidet!

 

2 Kommentarar:

18:17, skreiv Blogger Vidar...

Med andre ord så droppar du førelesingsveka? ;-)

 
18:26, skreiv Blogger Ragnhild Bjorge...

Fyrste førelesingsveka i år skulle eg aldri på, so eg vil ikkje seia at eg droppar noko. Det vil eg ikkje ha på meg :)

Korleis går det med prosjektskissa di, Lund? Er ho ferdig slik at eg kan sjå på henne i dag?

 

Legg inn en kommentar

<< Attende til framsida