Raggisland

Ei hjartesukkside

Midt i september

No er eg i Volda att og sit faktisk og les Habermas. Det er jo fint å gjera ein slik dag, når han faktisk har fått ein pris. Veit ikkje om det er lettare å hugsa på det eg les av den grunnen, men likevel.

Ein dag skal eg forresten fortelja dykk om dei fantastiske opplevingane ein kan få om ein sit på Riksarkivet og rotar i gamle arkiv etter ting ein er interessert i. Men nett no har eg ikkje tid til det, men eg har tid til å skriva at eg er i gang med oppgåva mi! Må nok leita ein del til etter stoff, men det er godt å kjenna at eg er komen eit steg vidare. No treng eg berre fleire timar kvar dag til å arbeida på og nokre godt tips til korleis vera mest mogleg opplagt - til ei kvar tid.

Elles må eg skryta litt av Dag og Tid for eg likar dei jo eigentleg ganske godt, sjølv om eg ikkje alltid er like nøgd med stoffvinkling, skribentar og slikt, men kvar gong eg lurer på noko eller spør om dei kan senda meg ein tekst eg har rota vekk eller burde ha lese, so får eg det med det same! Det er heilt supert! Tusen takk, PAT!

 

1 Kommentarar:

22:24, skreiv Anonymous Anonym...

Eg ventar i spaning på tips til korleis vera opplagt heile tida. Det tek på å vera lokalavisjournalist.
Hm, på Puls seier dei at ein skal trena så ein vert skikkeleg sliten. Men då må ein ha både ork og tid til å trena, so må ein vel ha tid til å henta seg inn att for treninga?! Og då er eg ikkje sikker på at det vert so mykje meir tid att til å vere opplagt :o/ Skjønar ikkje heilt det der, eg.

 

Legg inn en kommentar

<< Attende til framsida