Raggisland

Ei hjartesukkside

Vinje får svar

I dag får Vinje, eh... Dahl svar i Dagbladet, noko som kan seiast å vera lysteleg lesnad. Vinje tykte tydelegvis ikkje at han og meiningsfellene hans fekk nok juling i fjor, og det er frydefullt at funna mine koma til nytte:). Ok, eg må sjå til å få skrive mi eiga oppgåve snart, eg veit det, men det skjer jo so mykje! Då eg valde meg masteroppgåve trudde eg heilt ærleg at eg skulle halda på med eit felt der ingenting skjedde, noko ingen var opptekne av og at eg kunne jobba i ro og fred og vonleg koma opp med noko som kanskje fekk eit oppslag i Møre eller noko slikt når eg ein gong vart ferdig. Det siste kan for so vidt framleis vera eit mål, men at emnet mitt var noko berre eg brydde seg om, er heilt tydeleg feil.

Det er heilt klart ein fordel at fiendane til nynorsken heiter Dahl alle i hop. Det gjer det jo enklar å hugsa. Men då vert spørsmålet: Er dei i slekt òg? Ser du nokre likskapar?


 

6 Kommentarar:

13:25, skreiv Blogger Magnus...

Eg vial aldri meir seia eller skriva "Finn Erik V****", no er det berre Finn-Erik Dahl.

 
13:35, skreiv Blogger Ragnhild Bjorge...

Sant og visst! Trur du dei er i slakt, desse Dahl-ane med anti-nynorskprosjekt?

 
22:53, skreiv Anonymous Anonym...

Det må dei jo vera når båe heiter Dahl... Dessutan har båe slike spisse augebryn. Hm, og båe snakkar bokmål. So definitivt like.

 
13:06, skreiv Anonymous Anonym...

Båe har dessutan same problem med argumentasjonen sin. Sjølv om dei blir tilbakevist i dei fleste konkrete punkt i argumentasjonen sin, held dei fast på den overordna analysen om nynorsk. Dessutan viste Finn Erik Dahl til alt tilbakeviste påstandar frå Hans Fredrik Dahl for å underbyggja resonnementet sitt.
Tjohei!

 
16:44, skreiv Anonymous Anonym...

Eg føreslår at ein kallar dette snikksnakket til desse Dahlane for dilldall, eller rettare sagt dilldahl :-)

 
17:13, skreiv Blogger Ragnhild Bjorge...

Godt framlegg, Bjørn I.! Det oppsummerer jo det meste, eigentleg.

 

Legg inn en kommentar

<< Attende til framsida