Raggisland

Ei hjartesukkside

Eit siste sprell frå Vinje?

Finn Erik Vinje er nok ein gong på nynorskkrigsstien. For to veker sidan var det nynorskprosenten og mållova som var innfallsporten, no er det Quisling. Rett nok bomma Vinje med eitt år på Brennbartordskiftet, men det hindrar han ikkje i å ikkje sjekka kjeldene sine eller med koma med uhaldbare polemiske påstandar. Du kan sjølvsagt lesa desse i Dagbladet. Ok, det er eit faktum at Vinje bikkar 70-årsgrensa neste år og må gå av frå jobben som professor ved UiO. Difor ligg det nært å forstå desse siste utfalla mot nynorsken og brunskvettinga han driv med som nokre siste akademiske sprell frå mannen med rettskrivingsreglane.

No er Vinje korkje professor på området målrørsla, riksmålsrørsla eller på andre verdskrigen, og vert knappast oppfatta som ein autoritet på enmet. Likevel ynskjer tydelegvis å verta hugsa som mannen som gjorde alt han kunne for å ta knekken på nynorsken. Og diverre kan folk også koma til å tru på han om dei les tekstane hans. Eg har tenkt å skriva noko meir om sjølve teksten hans, og gjer eg det kjem det nok her òg ja. I mellomtida kan ein lesa eventyra til Vinje, og gjerne og til Langslet og Dahl og sjølve granske kjeldene desse riksmålsfolka nyttar seg av og so spørja seg om korleis i all verda dei får lov til å framleis sitja i professorata sine og eller nyta den respekten dei faktisk gjer - i mange krinsar. Elles kanskje ein kan føreslå at dei skal verta tittulerte som prof. i myteskaping og myteforvalting heretter?

 

5 Kommentarar:

11:57, skreiv Blogger Ragnhild...

Eg må seia at eg likte svaret til Steinulf. Det beste var dette: "Det er på tide å skyta ned mediafiguren Vinje frå pidestallen som professor og språk-ekspert. Han er ein bløff. Nett slik namnet hans er det. Mannen liker nok assosiasjonen til ein av våre største litteratar og språkmenn,
sjølv om han var målmann. Men Finn-Erik heitte Dahl fram til han fann det opportunt å skaffa seg ein meir velklingande namnleg dåm i 1960."

Eg har forresten ei sikker kjelde som fortel at Vinje, nei, eh: DAHL, fekk middelmådige karakterer på universitetet (dårlegare enn kjelda mi) og at han hadde ei frille (dvs elskarinne) i Trondheim. Eg har òg ei sikker kjelde som fortel at hovudoppgåva hans er plagiat. Han omsette og omformulerte ei svensk bok til norsk, og vips: han vart cand.philol.

 
13:26, skreiv Blogger Magnus...

Det er rette anden, Ragnhild II!

Finna ll mogleg skit på denne sjarlatanen og få det ut! Handskene er tekne av! No er det aldri meir Mr. Nice Nynorsking.

 
13:38, skreiv Blogger Ragnhild Bjorge...

Dette er saftig nytt! Eg har elles høyrt at han er rimeleg hardt frampå ovanfor unge, kvinnelege studiner ved UiO. Det kan kanskje Ragnhild II stadfesta? Ho kjenner jo institusjonen frå innsida.

 
14:15, skreiv Blogger Ragnhild...

Hehe...eg kan sikkert grava fram meir. Eg nektar å tru at han har særleg mykje å fara med andsynes unge, kvinnelege studiner. Det har eg aldri høyrt noko om, i alle fall. (Sikkert eit rykte han har sett ut sjølv...ha ha!) Han er dessutan aldri å sjå i korridorane på ILN. Min teori er at han er ein illusjon.

 
16:53, skreiv Anonymous Anonym...

Eg føreslår at ein legg til 'Dill' i namnet åt Finn Erik Dahl, slik at han heretter vert heitande Finn Erik Dill-Dahl :-)

 

Legg inn en kommentar

<< Attende til framsida