Raggisland

Ei hjartesukkside

Har røysta

I går leverte eg røysta mi i valurna på kommunehuset. Ein månad og ein dag før valet.

Ser at statsministeren er ute og åtvarar mot ein skiten valkamp i dag. Tjo-ho! Er det seg sjølv han åtvarar mot? Det er no verkeleg regjeringa som spelar opp til dess idiotvalkampdebattane og kranglane som har vore til no. Hadde ikkje gjort noko om dei kunne diskutera innhald og ikkje berre kor lite flinke dei andre er til å lesa eller rekna. Sukk!

Har de høyrt radiosnutten frå Kommunladepartementet som skal få ungdom til å røysta? Utruleg lite morosam, sjølv om eg trur han er meint å vera artig. Fjernsynsreklamen om å velja leverpostei er derimot litt elegant.

 

13 Kommentarar:

15:15, skreiv Blogger Purisme...

Å? Kva røysta du då?

 
18:39, skreiv Anonymous Anonym...

Eg veit no kva eg skal røysta i alle fall :D Hadde tenkt å gjera det i dag, men so var det stengt hjå kommunen. Etterpå gjekk eg meg på ordføraren, men eg ba henne ikkje opna til meg, sjølv om eg snakka med henne. Du skjønar Ragnhild, eg er vorte kjent med fintfolk her. Eg vart forresten veldig nyfiken på det innlegget du har sensurert vekk. Nesten so du tar nattesvemnen min.

 
18:42, skreiv Blogger Ragnhild Bjorge...

Eg har berre sensurert vekk, dvs fjerna, noko bospost/onrop. Driten kjem rett inn i på kommentarsida. Olaug N. skreiv ar ho kunne gjodkjenna kommentarane før dei kom ut på sida, men ein slik funksjon har eg ikkje funne i dette programmet.

Kven eg røysta på? Eg røysta nynorsk og for regjeringsskifte :)

 
18:50, skreiv Anonymous Anonym...

Regjeringsskifte? Eg høyrde Kjell Magne Bondevik seie på radioen at det ikkje fanst betre regjeringsalternativ.

 
18:57, skreiv Blogger Ragnhild Bjorge...

Hmm... Alt eg ikkje veit! Gler meg til Hallo i uken er i gang att. Trur det er der eg skal fylgja valkampen.

 
10:59, skreiv Blogger guffen...

det mest interessante med leverpostei-reklamen er at ho med brettet held det i venstre handa då ho kjem trippande med det, medan ho har det i høgre handa i neste scene.

 
12:23, skreiv Anonymous Anonym...

De må jo forstå at det ikkje er Kjell Magne som speler opp til dei fordummande og hårreisande debattane! Han er eigentleg ein snill gut som kunne gjort mykje bra.
Men elles bra at det er fleire som røyster for nynorsk òg "nytt fleirtal".

 
11:27, skreiv Blogger Ragnhild Bjorge...

Kjell Magne, kanskje han kunne gjort mykje bra utan Høgre? Eg tykkjer no han ein ein kylling, sjølv om han ikkje åleine er skuld i kjipasdebattane som gjer valkampen keisam.
Men den vivasponheim-sida di - eg får ikkje opp noko bilete, eg. Får berre banneret i venstre hjørna. Kanskje høgskulen min er mot å suna slike sider, eller kanskje det er noko med sida som ikkje er heilt som det skal vera?

 
15:58, skreiv Blogger Ragnhild...

Eg held meg unna alt som har med valkampen å gjera, bortsett frå at eg røystar då, sjølvsagt. Grunnen til at eg held meg unna er at eg vert så inni granskauen SINT når eg høyrer nokon seia noko som eg er usamd i! Og det skjer jo sjølvsagt heile tida. Nett no er eg sint av di FrP leiar på Aftenposten sitt valbarometer. Kvifor kan ikkje alle vera samd meg meg??? GRRRR! Løysinga di, Ragnhild, om å høyra på Hallo i luken høyrest ikkje så dumt ut. Det er nok der det mest fornuftige vert sagt.

 
09:24, skreiv Anonymous Anonym...

Vi får håpe at regjeringen blir sittende da !

 
08:59, skreiv Anonymous Anonym...

Det der med å kunne godkjenne kommentarar, er ikkje akkurat noko eg sjølv har funne ut korleis eg gjer... ikkje er det eg som har ordna det heller, men derimot min skoddeheimenmentor Kristin. Spør nokon EDB-kunnige om råd! Dei veit sikkert korleis det skal gjerast.

 
06:17, skreiv Anonymous Anonym...

Hei min venn :-) Flott at du har stemt! EG OG E FERDIG !! Har definitivt stemt for regjeringsskifte!!

Klem frå gamlo i Åsane :-)

 
21:49, skreiv Blogger Ragnhild Bjorge...

Gamlo du! Vert spanande i morgon! Skal på valvake, men veit ikkje om eg gler meg - er så redd for at valet går åt skogen. Er det elles kome interessant nytt til Åsane? Klem!

 

Legg inn en kommentar

<< Attende til framsida