Raggisland

Ei hjartesukkside

Unge, ufyselege høgregutar

Unge Høgre tiltrekkjer seg mykje rart og felles for dei ser ut til å vera at dei er blotta for folkeskikk. Likevel får dei posisjonar etter posisjonar og vert skrytte opp i skyene av leiinga si. Eg tenkte at eg skulle hengja ut eit par av dei her, til spott og spe.
Det at er framleis korkje likar unge Høgre eller gamle Høgre, gjer òg at eg forelskar meg hovudsstups i folk som skriv ting er er samd i om desse.

Her kan du nyta Marit Eikemo sitt påågjer med Torbjørn eøR Isaksen Heller dø enn Røe i Bergens Tidende.

For ikkje å snakka om den utruleg oppblæsne bokbrennaren frå Bergen, som ikkje kan forstå kvifor han vert kritisert for å brenna bøker i namnet åt valfridomen og det heilage Høgre? So kvifor ikkje samla eit par morosame lekkjer om den fjotten her?

Her skryt han av stuntet sitt: Harald brenner «spynorsken» i Bergensavisen.

Mållagsleiaren tek til motmæle mot historieløysa til HVH: Nazi-valgkamp! i Bergensavisen.

Og det held fram: Unge H bortforklarar seg i Brenner nynorsk-bok i tønneDagbladet, og får på pukkelen i Bergens Tidende og enno ein gong i Bergens Tidende og kritikken i Bergens Tidende held fram. Men so får HVH skryt av fylkesleiaren sin og vert framstilt som Hordalan Høgres store ljos, i Bergens Tidende. Men andre har òg høyrt om fyren, til dømes Monitor. Sjølv i avisa som sto for fyrsteoppslaget om korleis eitt av regjeringspartia våre vil driva valkamp, vert det teke eit oppgjer med guten, altso i Bergensavisen. Og i dag fekk høgreleiaren i Hordaland svar på rosemålingsinnlegget han hadde om denne politiske stjerna si, i Bergens Tidende.

Er det framleis nokon som lurer på kvifor eg ikkje likar Høgre?

 

2 Kommentarar:

15:25, skreiv Anonymous Anonym...

Partiet Høgre er det verste eg veit. Nynorskhetsen deira er rett og slett anti-intellektuell og kulturfiendtleg. Og den ordboksbrenninga er skikkeleg pinleg, men det syner iallefall kven det blå partiet er i åndeleg slektskap med. dette kan gje oss eit nytt perspektiv på Erna Solberg si avgjerd om å hiva ut dei 400 somaliarane.

ps: er du forelska i meg no, Ragnhild?

 
20:52, skreiv Anonymous Anonym...

slepp eg unna detta maset ditt no då??? unge høgre føre jo ikkje godt med seg, ser du... sjølv om enkelte skriv under på nynorsk-oppropet fordi dei får ordre om å gjera da.... : )

 

Legg inn en kommentar

<< Attende til framsida