Raggisland

Ei hjartesukkside

Der var joleferien nesten over

Turen oppatt til Volda nærmar seg med stormsteg. Utruleg kor fort desember har tusla forbi. ikkje før drog eg frå Volda i byrjinga av desember, so er det januar!
På den andre sida er det ikkje mange månader som har ført med seg so mykje som denne desembermånaden har gjort. Eg har opplevd so vanvittig mykje kjekt og nytt. Har hatt ferie, vore på kjekke festar. Har teke det med ro, funne att litt av meg sjølv og samstundes opplevd korleis det er å leva i ein kropp når kjenslene oppfører seg som om dei sit i ein berg og dalbane. Heilt absurd.

No vert det ein kort tur til Volda, der eg skal gjera ein freistnad på å koma i gang med semesteret, før hovudstaden lokkar. Litt meir kjeldearbeid må eg vel freista å få unna før kurbadopphaldet ropar og dreg meg til Rogaland. Det er no som pokker, det òg. Det kjem eg attende til i mars, vil eg tru.

Og so skal eg freista å få skrive ein artikkel til om få dagar. Det er ikkje so lett, når eg ikkje greier å konsentrera meg. Skal prøva. Dersom eg får det til, skal eg leggja han ut når han kjem på prent. (Nei, det er ikkje ein om Astrid Søgnen eller om Høgre, men kan nok kanskje sparka litt i nyliberalistisk retning denne òg)

Ragnhild


 

1 Kommentarar:

13:08, skreiv Blogger Fru Lur...

hei ragnhild - her kjem fire liner frå ein song som passar til at det er nytt år og alt byrjar på nytt att

dom har sagt att vi har
så många år kvar
låt dom börja nu
snälla låt dom börja nu

helsing frulursur som har oppdaga kva som styrer musikksmaken min (det er ganske lite avansert): eg likar songar som handlar om å køyra bil vekk frå der ein er

 

Legg inn en kommentar

<< Attende til framsida