Raggisland

Ei hjartesukkside

Oppgåver

Ei lita stund sidan sist eg skreiv noko her. Sidan den gongen har det hendt frykteleg mykje. Ikkje det at eg skal skriva om alt her, men noko kan eg nemna. No sit eg og arbeider med ei innleiing eg skal halda til helga. Den har fått namnet "Strategiar - nynorsk i høgrestaten". Ikkje eg som har gjeve punktet namn, altso. Hadde det vore meg, hadde ho vel heitt "Kle av og sei stygge, men sanne ting om nyliberalistane i Høgre", eller noko slikt. Men det gjer eg jo på denne sida heile tida, so dei som er interesserte i å vita kva eg meiner om Clemet & co kan no sjå det her. (Og det kjem meir, eg lovar.) So no må eg freista koma opp med nokre strategiar, eller seia noko lurt som kan få dei som høyrer på til å tenkja nye og lure tankar.

I tillegg til det skal eg òg snart halda ei innleiing om kva som finst av digitale kunnskapskjelder på internett. Det har eg aldri snakka om før, so over helga får eg setja i gang med det arbeidet. Spanande!

Elles er det nydeleg haust her nordvest. Sol og kaldt, men eg sit for det meste inne og les. I dag var det mørkt då eg sto opp, og det kjem til å vera mørkt når eg går heim. Får kosa meg med å kika ut på sola stundom, og tenkje at eg kanskje får tid til å drikka litt vin med nye og gamle vener ein kveld snart?

Ragnhild

PS! Takk for slagordet, fru Lur! No kniser eg òg.