Raggisland

Ei hjartesukkside

Which Witch


I heile år har eg storgledd meg til å sjå Which Witch på Det norske teatret. Og framsyninga var heilt fantastisk. Rett og slett.

Teatermeldarane var ikkje samde etter premieren. Osloavisene meinte at stykket hadde vorte enno betre enn det var i originaloppsetjinga, medan arbeidsgjevaren min meinte at det ikkje var samanheng i historia og at den pompøse misikken og forteljinga ikkje passa i dei minimalistiske bibliotekkulissane på det norske. Eg er usamd.

For meg var det god samanheng både mellom kulissar, musikk og forteljing. Ja, eg forelska meg faktsik litt i dette.

Omsetjinga var veldig god, språket var forbausande godt (meir slikt Ola!) og skodespelarane/songarane var gode.

Dagens råd vert difor: Sjå Which Witch

 

2 Kommentarar:

08:53, skreiv Anonymous Anonym...

Sei meg: har du eller har du ikkje byrja blogge att?

 
12:23, skreiv Blogger Ragnhild Bjorge...

Veit ikkje? Planen er å skriva meir, men eg må hugsa å gjera det...

 

Legg inn en kommentar

<< Attende til framsida