Raggisland

Ei hjartesukkside

Å ta eit dikt

Ein kjend poet stal eit dikt ein gong og gav det ut som sitt eige. Ho meinte diktet var for godt til ikkje å verta publisert.

Eg har òg teke eit dikt ein gong. Men eg tok det frå ei t-banevogn i Oslo. Det var eit dikt av Olav H. Hauge, diktet vårt, tenkte eg og eg tok det for å ha det på veggen. Kjærasten min vart flau då eg gjorde det og gjekk ut ei anna dør, men dei eg høyrde seia noko i vogna, dei sa «Ho torde...».

I går fortalde eg om dette framfor ein fullsett sal på ein Hauge-kveld i hovudstaden.

 

7 Kommentarar:

12:24, skreiv Blogger Ragnhild Bjorge...

Eg siktar litt yver

Ei pil som skal råka, kan ikkje gjera
mange krokar. Men ein god skyttar
reknar med fråstanden og vinden.
So når eg siktar på deg, siktar eg litt yver.

OLAV H. HAUGE (1908-1994)
Spør vinden, Det Norske Samlaget 1971

 
19:38, skreiv Blogger ruinene...

"Tok diktet"... Skrev du det av, eller tok du med deg setet:)

 
23:48, skreiv Blogger Ragnhild Bjorge...

Diktet sto på ein plakat i vonga og eg tok plakaten

 
17:16, skreiv Anonymous Hilde...

Kven er kjærasten din?

 
21:02, skreiv Blogger Ragnhild Bjorge...

Ein kjekk sunnmøring. Viss me får møttest til kaffi ein dag, så får du no vita meir ;)

 
09:06, skreiv Anonymous Hilde...

Legg ut eit bilete då! :)

 
11:56, skreiv Anonymous Anonym...

Hei!

Sendte deg en melding vedrorende Slogen paa din Flickr-side. Haaper aa naa deg her!

Mvh

Hedda

 

Legg inn en kommentar

<< Attende til framsida