Raggisland

Ei hjartesukkside

Det går mot haust

Sommaren er brått over og det utan at eg har vore på ferie.

Eg har konkludert med at dette er siste sommaren eg ikkje skal ha ferie. Det er pinadø så lenge sidan sist eg hadde fri om sommaren at eg ikkje hugsar kva tid det var.

Difor skal eg lata som om eg har ferie så ofte eg kan, og reisa mykje meir enn eg har gjort siste året. No har eg ein ambisjon om reisa vekk kvar gong eg har ei langhelg og så skal eg laga ein album som heiter «Liksomferien 2008». Det skal minna meg om løftet om å ta skikkeleg ferie neste år.

 

4 Kommentarar:

23:14, skreiv Blogger Monica...

Du kan umogleg ha mykje å hjartesukka over, når du ikkje har hatt noko å seie på over eit år!?

;)

 
15:34, skreiv Anonymous Anonym...

Du får berre ta deg turen oppover hit fleire gongar! Det er vel bra ferie.. ;)

Dessutan er det kjekt å ha deg på besøk! Neste gang må me kanskje få utforska Sunnmørsalpane iltt òg! ü

 
16:46, skreiv Blogger Ragnhild Bjorge...

No har eg jo fått litt ferie, så eg kjem veldig gjerne oppatt og det snart:)

Så får eg jobba litt med kondisen vakre omgjevnader og kosa meg med fine folk. Det var veldig kjekt å vera på besøk òg altså.

 
16:48, skreiv Blogger Ragnhild Bjorge...

Tja, Monica, det er jo ein fin måte å sjå det på, evt så har eg ikkje visst kva eg skulle sukka over fyrst.

Korleis har du det?

 

Legg inn en kommentar

<< Attende til framsida