Raggisland

Ei hjartesukkside

Ei oppdatering


No har eg budd i Oslo i snart tre veker. Eg er vorten kjend med Dagsnytt folka, har arbeidd mykje med debattar for Dagsnytt 18, men tykkjer nok at eg har laga altfor få reportasjar. Vonleg vert det meir at slik jobbing framover.

17. mai vart feira i solskin, iført optimistisk lite klede. Men eg fekk vinka til stortingspresidenten og til kongen, fekk gått i kø, ete dyr mat på Vika terrasse og vore på konsert mes Samvirkelaget på Kuba.

Det er kjekt å vera attende i hovudstaden med venene mine.


Meir kjem seinare.

 

1 Kommentarar:

00:10, skreiv Blogger fristatprinsessa...

Hei, eg var i praksis i dagsnytt/dax18 for to år sidan. Det var gøy i dagsnytt, men dax18 brukte meg ALTFOR MYKJE til å lage debattar. Det er god trening i research, men du må huske å kreve deg! Prøv å få ei veke eller to i Ukeslutt eller noko, for dax18-folka er underbemanna og sleipe til å bruke praktikantane! Og så får du lage reportasjar i Ukeslutt! Huhei!

 

Legg inn en kommentar

<< Attende til framsida