Raggisland

Ei hjartesukkside

Førdianar, indianar, påskefugl og fri?

Hei, hei!
Det er hektisk i Førde, men våren er komen og humøret er bra. Eg har ikkje ro i kroppen og fartar hit og dit so snart eg har høve til det. Både på reportasjeturar og elles. Eg er vorten godt kjend i Indre Sogn siste vekene og ingen skal seia at NRK Sogn og Fjordane kan kallast NRK Førde etter dette! Sjekk bileta på Flickren min.
Ei helg er det Oslo, neste Volda og snart påske og heim. Dessutan har eg lova meg til Stongfjorden og besøk vil eg jo ha... Luksusproblem.

Eg har fått laga mange saker desse månadene, og dei kan du sjå og høyra her. Siste saka eg laga, som som kanskje er den eg er mest stolt av, har eg ikkje fått lagt ut enno - men ho kjem- Treng berre litt teknisk assistanse.

No er det klart at eg skal ha praksis i dagsnytt i mai og juni og flytter til Oslo. Då skal eg iallfall ta oppatt middagstradisjonane mine frå før jul. Dvs å laga mykje og god mat og ha fellesmiddagar. (vel, fyrst lammelår i Volda i helga)

Og sjølvsagt læra masse, masse! Og kanskje eg kan skaffa meg ein jobb der til hausten?

Vel sjekk bileta mine, sakene mine og ha ein fin kveld!

 

3 Kommentarar:

20:09, skreiv Anonymous Anonym...

Du er den jeg kjenner som farter mest, tror jeg. Fint at du har det bra. Dersom det blir for mye med besøk nå like etter påske, så kan vi ta det igjen...

TH

 
21:08, skreiv Blogger Ragnhild Bjorge...

Eg vil gjerne ha deg på besøk! Og du er veldig velkomen.
Stor klem!

 
16:15, skreiv Anonymous Anonym...

Vet du ikke at det er blitt politisk ukorrekt med ordet "indianer"?

 

Legg inn en kommentar

<< Attende til framsida