Raggisland

Ei hjartesukkside

God jul!

God jul alle saman!
No sit eg i sofaen hjå mor og far og daffar og tenkjer over at snart må eg byrja å ha vanlege arbeidsdagar, å stå opp tidleg, sova om nettene og bu i Førde. Det vert ein stor overgang. Men før det skal eg skriva julekort. Eg er faktisk litt seint ute, noko mange nok har merka, og då eg på toppen av alt har vore sjuk nesten heile jula, so har eg jo ikkje fått gjort noko med det heller.

I går bestemte eg meg for at eg var frisk, dvs eg reiste til byn og møtte ei mengd med kjenningar og det var kjempekjekt! (Men eg vart ikkje nett friskare av det.) Kaffi og lunsj med Erlend, t.d. - utruleg lenge sidan sist og veldig kjekt. Nokre vener trur eg alltid vil vera der og det godt å vita! Og etter det vart det øl og moro på Opera med ei fin samling ulike folk. Supert, spør du meg.

Elles trur eg at eg snart må gjera alvor av å setja i gang aksjonen Slett studiegjelda. Dei som alt no kjenner seg kalla til å bidra, kan leggja att ei helsing og so skal dei sporenstreks få opplysningar om kontonummer m.m. :)

 

3 Kommentarar:

21:05, skreiv Blogger Ragnhild...

God romjul, Ragnhild!:-)...og alt godt for 2007! Eg trur det kjem til å verta kjempekjekt i Førde!

Ragnhild:-)

 
22:33, skreiv Blogger Vidar...

Lukke med jula ja - og den enklaste måten å vera med i aksjon slett studiegjelda er ved å flytte til Finnmark! No byrjar dei jo å bli vane med nynorskjournalistar òg... :-D

 
17:12, skreiv Anonymous Anonym...

Medan EG syns de akademikarar skal slutta å sutra, og heller koma dykk i ærleg arbeid. Slappfiskar.

Godt nyttår, då, likevel...

 

Legg inn en kommentar

<< Attende til framsida