Raggisland

Ei hjartesukkside

Vinter og snø - ein skihoppar...

Når eg ser ut vindauga mitt, ser det ut som om eg bur midt i Skomakargata. Snøen laver ned, gatelyktene lyser gule og eg får lyst på gløgg og peparkaker. Hald deg oppdatert på korleis veret er her eg bur med kameraet til Voldaveiret.no.


Nett no treng eg forresten nokon til å massera nakken min, og eit fang å liggja i. So skal eg bli luska i håret og stroken over kjaken og få høyra at dette går bra. Alt ordnar seg. At eg vert ferdig når eg vert ferdig, men at det ikkje er det viktigaste i verda. Og so greier eg å ta meg på tak i morgon og få unna ein heil del. Ja, slik skulle det vore nett no. Men litt fin, melankolsk og varm jazz hjelper litt, det òg.
Sit i senga med maskina på fanget, senga full i papir og permar, salve, vatn, telefon og puter. Har okkupert heile kjøkenet. Stakkars Magnus :)

I dag åt eg pannekaker! Veldig godt og kjevane fungerte.

Elles lurte unge J på om eg framlesi var i live, so eg kan dementera alle rykte om at eg ikkje lever.

Ord for dagen må vera at broddar og kjettingar er undervurdert.