Raggisland

Ei hjartesukkside

7. november

Er det nokon som veit kven som skreiv utanrikspolitiske artiklar i avisa Noreg og i Norsk Ungdom før krigen, og signerte med E. H.? Mannen ville styrkja norsk forsvar, forsto seg på krigsstrategi og var oppteken av kor mange båtar og fly dei ulike statane hadde og skaffa seg.

Elles kan eg melda om sol over Haugamyrane i dag, Eli og eg skal ein tur innom Marit i Gaupne i ettermiddag. Eg er framleis ikkje ferdig å skriva, og eg kan dementera at ein vert i brun og sommarfrisk av å sitja framfor ei maskin, sjølv ikkje om leselampen står på.

Ord for dagen Det finst flerie kjelder i verda enn dei eg når over.


Her kan du få eit lite poesiglimt frå kjeldene mine

Det fagraste mål som på jorda er
er målet åt den du hadde kjær.
Og elskar du folket i Noergs dalar,
så elskar du målet folket talar.


MH

 

7 Kommentarar:

01:24, skreiv Blogger Vidar...

E.H.? Har du sjekka artiklane eg sende deg frå Norsk Ungdom? Var det ikkje ein som likna E.H. der?

 
09:18, skreiv Blogger Ragnhild Bjorge...

Jammen! Det hadde eg fortrengt! Men det forklarar enno ikkje kven det er. To personar står øvst på gisselista mi: Eivind Heggenes og Eirik Hirth.

 
10:06, skreiv Anonymous Anonym...

Det var meg...

 
10:10, skreiv Blogger Ragnhild Bjorge...

Nettopp...! So var det mysteriet løyst :)

 
16:41, skreiv Anonymous Anonym...

kontakt nasjonalbiblioteket. de har laget egne permer/bøker med oversikt over ymse signaturer og pseudonymer fra ulike aviser/tidsskrifter

 
12:51, skreiv Blogger Målmannen...

Eirik Hirth kann de lesa meir um her:

http://www.sambandet.no/viskategori.php?ID=17&TAB=artikkel

 
13:00, skreiv Blogger Ragnhild Bjorge...

Men er E.H. Eirik Hirth eller er det kanskje Eivind Heggenes? Eller ein heilt annan?

 

Legg inn en kommentar

<< Attende til framsida