Raggisland

Ei hjartesukkside

4. -5. november - rapport frå ein asylant

Etter sterke etterlysingar frå dementihungrige lesarar, kan eg i kveld fortelja at eg korkje vann 100.000 i Kjemepsjansen i kveld, eller vart røysta ut av Skal vi danse? i går og eg har heller ikkje snøa inne i Krundalen.

(Spørje-)Ord for dagen skil seg klart ut, nemleg kvifor skal ein vera i 25 varmegrader i Israel, når ein kan sitja varmt inne og godt og sjå ut på snøen i Sogn og Fjordane?

Eg har skrive fleire sider i dag og eg er faktisk litt nøgd med meg sjølv, sjølv om eg nok hadde vore enno betre humør dersom eg t.d. hadde skrive ti eller tjue sider meir. Dessutan har eg vore ute på tur i vinterlandet, eg er vorten kjend med Øyvind og er godt nøgd med at jentene her kjenner meg att slik at eg har leikekammeratar :) Og eg vert, som vanleg, teken utruleg godt i mot - og eg veit ikkje heilt korleis eg skal kunna gjera opp for meg. Her er det nokon som har tenester til gode på livstid.

Elles drøymde eg at eg fekk tvillingar i natt, noko som var slitsamt, men som likevel gjekk greitt. Kom til og med fram til etternamnskompromiss... Og so drøymde eg at Tore tok kontakt! Eg fekk klem og vart invitert i brudlaupet hans. Eg veit ikkje kva som er mest og minst sannsynleg av dette, men eg vart ikkje skremd av desse draumane, iallfall.

 

3 Kommentarar:

22:38, skreiv Blogger austsida...

å nei, har du òg hamna på beibidraum-kjøret?? Kanskje det er smittsamt?

 
11:03, skreiv Anonymous Anonym...

kanskje da e eit teikn... døypt same da, konfirmert same dag, gift same dag... kom da fram kem tore sku gifta seg med eller kven far til ungen va?? i alle høve klassifisere da nok kanskje til eit mareritt....

 
15:58, skreiv Blogger Ragnhild Bjorge...

Eg er redd det er du som har smitta meg, Inger Johanne. Vonelg går det over. Nett no er eg iallfall veldig glad for at eg ikkje har tivllingar i tillegg til oppåva.

Mareritt og mareritt - eg trur kanskje eg var meir overraska enn redd då eg vakna. Tore skulle gifta seg med Ingvild og eg veit kven som var var far til tivllingane, ja. Veit heller ikkje om det var skummelt, men like fullt ein draum. No er eg derimot vaken :)

 

Legg inn en kommentar

<< Attende til framsida