Raggisland

Ei hjartesukkside

17. november


Klokka er midt på natta og det er vorte 17. november. Besto har bursdag i dag, men eg trur ikkje eg skal ringja henne før etter at eg har stått oppatt. Skulle nokon syna henne bloggen min: Til lukke med dagen, besta! Eg er glad i deg og kjem snart på vitjing!

Eg er vel ikkje komen veldig mykje lenger i jakta på namn på oppgåva mi, men eg er litt meir positiv no enn eg var i går, med tanke på å verta ferdig nokon gong. Det er vel difor eg framleis sit oppe og skriv.

Eg er no nede i andre gaset med raudvin og eg merkar at vinen fungerer nett som han skal - eg får lyst til å sova. Kanskje skulle eg ha venta ein time til før eg starta, men den intelligente delen av meg (finst den? Det var kanskje den rasjonelle?) meinte vel at eg burde sova litt.

Planen er å sy saman 8 sider til, til ein tekst og senda det frå meg før eg hoppa i køya. Det er utruleg slitsomt å prøva å verta ferdig med ting. Sjølvsagt er det velidg fint å sjå at avhandlinga veks og dei gongene eg torer å sjå på det eg har skrive, hender det at eg tykkjer det er bra òg. Kanskje er det vinen, men kanskje ikkje. No vel eg å tru det siste og so held eg meg i toleg bra humør.

Magnus har kjøpt Donald til meg i dag og det var ein slik fin liten pistol med henteklype på med bladet. Genialt! Og so har eg ete mandariner med Brigt Ove og drukke te i kveld. Det er ikkje dumt med slike pausar i ti-tida om kvelden. Iallfall ikkje når eg veit at eg skal sitja oppe ein del timar til.

Det er ikkje nokon vits i å prøva å dementera at eg er trøytt eller at eg skulle ynskt at eg var ferdig eller vert ferdig til onsdag. Og sidan livet mitt går føre seg innanfor dei fire veggene der eg bur, skjer det ikkje no mykje anna å snakka om heller. Universet mitt er no totalt avgrensa til at eg ser Brigt Ove, Magnus og Arild kvar dag. At eg kommuniserer litt med Erik og Vidar (dei må jo hjelpa meg litt) og Tone Helene og Ingvild seier frå at dei veit at eg finst på ulike vis.
Dette ser no på ingen måte stusseleg ut, og eg skal vel ikkje klaga heller. Men sjølvsagt skulle eg ynskt at ting var annleis og at eg var ferdig.

Forresten, såg du det som må bli ord for dagen i VG i dag? Kjærlighet uten sjalusi ville være som gulasj uten paprika. Eg kan veldig lite om gulasj (kan litt meir om Gul-Lars), men me serverte gulasj på Kaffistova i det livet eg arbeidde der, og det var då vitterleg sinnsjukt masse paprika i den gulasjen!? Det kan då ikkje vera meininga at ein skal vera so sjalu? Nett no er eg sjalu på alt og alle, til og med på datamaskina mi, men det går over. Poenget er jo at du vert øydelagt av å vera sjalu, og dersom mine idear om paprikamengd i gulasjen stemmer, og det skal tilsvara Spitznogel-tilrådd mengd sjalusi i eit forhold, so er det jammen ikkje rart at ting ikkje funkar. (Og eg som har leitt etter andre løysingar)

No tenkjer vel du at eg heller ikkje kjem til å bli ferdig med noka oppgåve om eg har tenkt å halda fram med å skriva på bloggen min. Det har du rett i, men hjernen trong ein liten pause. Det har han vel fått no.

Eg har 84 sider (med innhaldsliste). Dei skal bli 90 før eg legg meg! Kanskje...

PS! Har Kari Pahle sunge i Songlaget i Bul? Sjekk side 204 i jubelboka til BUL, den svarte.
PPS! Laila F - eg likar bloggen din!

 

1 Kommentarar:

15:21, skreiv Anonymous Anonym...

Du er jo komen langt, super-Ragnhild!

 

Legg inn en kommentar

<< Attende til framsida