Raggisland

Ei hjartesukkside

Sol og jubel II

Kva skal ein på Malta og Kreta om sommaren når ein har Vestlandet? Kva skal ein på Sørlandet, for den del?
Eg er vorten brun! Det er sikkert fyrste gongen i livet at eg verkeleg har fått farge, og i dette veret er det eigentleg ikkje so rart. I dag var det 30 grader i skuggen på Sandane. Det er håplaust å arbeida. Eg emigrerte jo hit for å skriva, men det er so varmt og fint at det er utruleg. Sat ute i berre bikinibuksa i dag òg, men etter å ha sortert notatar, var det einaste som var mogleg å halda på med - skjønlitteratur. Einaste eg saknar er eit basseng oppe ved huset.

Jordbærbudsjettet mitt har sprukke for lenge sidan. Må eta minst ei korg for dagen. No må eg leita etter noko rom... og kanskje laga ein daiquiri:)

 

2 Kommentarar:

00:41, skreiv Blogger Ragnhild...

Heisann! Heldig som er brun! Eg er blitt raud! Det er eigentleg prov på at eg er raudhåra av natur, for dei/vi som er raudhåra vert jo ikkje brune.

Elles må du ta deg fri frå skriving om sumaren!!!(Enkelt å seia no når det er over for min del...)

Eg trur elles at Sandane er ein veldig bra stad å bu på. Det er ledige tomter der,ute på eit nes (sjå finn.no);-)

 
14:31, skreiv Blogger tonelill...

Vi rødhetter blir jo liksom aldri brune..vel, i år er unntaket som bekrefter regelen for lille my..jeg er blitt BRUN! Som min fetters kjæreste sa: "jeg ante ikke at du hadde anlegg for å få så mye farge!!!"

 

Legg inn en kommentar

<< Attende til framsida