Raggisland

Ei hjartesukkside

Kjære Bernander,

Ver so snill og gje desse journalistane dine desse 16.000 kronene kvar og overtidsbetalinga og alt det der - no. Ver gjerne raus, men redd meg frå kommerhelvetet. Eg orkar ikkje ein dag til, der eg i ørska vaknar til reklame for ballkjolane til Mette-Marit eller Papirsklipp av Kim Larsen.

Ver so snill og lat meg stilla radioen tilbake til NRK og greia og vakna på skikkeleg vis. Redd meg frå undergangen. Eg hatar P4 og Kanal 24 og eg hatar dei spesielt mykje klokka 7 om morgonen.

 

8 Kommentarar:

14:12, skreiv Blogger Tone Helene...

Amen til det!

 
14:14, skreiv Anonymous Anonym...

Eg støttar deg på nesten ALLE punkt. Bortsett frå at eg meiner at NRK-journalistane kan greie seg med 9000 ekstra i året. Meir fekk ikkje eg, så kvifor skal dei...
NRK er liksom folkeopplysningkanalen framfor nokon. No må me altså høyre på popmusikk døgnet rundt,evt. dei to heslege kanalane du nemner - eg er redd me blir dekultiverte for kvar dag som går.

 
22:29, skreiv Blogger guffen...

alvorleg banana: for det fyrste skal journalistane streika akkurat så lenge dei vil, og for det andre vart det for nokre år sidan oppfunne eit apparat som heiter cd-spelar. bruker du det apparatet i staden for radioen kan du høyra på nett den musikken du vil. og du slepp desse hersens reklamane.

 
03:47, skreiv Blogger fristatprinsessa...

Du vart PLUTSELEG bønnhøyrt, ser det ut til.

 
09:32, skreiv Blogger Ragnhild Bjorge...

Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.

 
09:42, skreiv Blogger Ragnhild Bjorge...

Det var voldsomt då, Guffen. Sutreguff i dag? Men alvorleg tala - eg er ikkje flink til å vakna og treng klokkeradioen min. Og eg har ikkje klokkeradio med cd-spelar, eg... Men eg er ganske god til å spela cdar etter at eg har stått opp, ja.

Hallo fristatsprinsessa! Så kjekt å få helsing! Skal du på festivalen/stemna i Trondheim?

 
21:15, skreiv Blogger fristatprinsessa...

Jepp, det blir i alle fall stemne!!!! Eg trur eg jobbar under årsmøtet (etter som eg ikkje streikar lenger), men når ting skjer i trønderhovudstaden, må eg jo dit! Du da?

 
13:02, skreiv Blogger Ragnhild Bjorge...

Eg reknar med at eg vert verande i Volda. Skal sitja her og skriva i sommar, men aldri sei aldri. Har sjølvsagt veldig lyst på stemne!

 

Legg inn en kommentar

<< Attende til framsida