Raggisland

Ei hjartesukkside

Sukk

Av og til lurer eg på korleis folk tenkjer. Av og til lurer eg på om dei tenkjer. Dei fleste vil gjerne vera sentrum for det som skjer. Det er fint å bli lagt merke til, vera midtpunkt og gjerne sloss om merksemda. Det vert som ei tevling. Men mange innser òg at sjølv om det er fint av verda spinn rundt nett deg, so er det eigentleg ikkje slik. Ofte er det faktisk slik at dei rundt deg forventar at du stiller opp, held avtalar og tek omsyn - men det er visst ikkje alltid like lett for alle det. Det er vanskeleg for meg å forstå og det gjer faktisk vondt.