Raggisland

Ei hjartesukkside

Krigsaviser

Eg sit og les aviser frå andre verdskrigen. Les og les, eg blar gjennom dei og tek bilete av interessante artiklar. Noko les eg jo òg, og noko skal eg lesa. Det var nok litt artigare å lesa avisene før sensuren. I 39 hadde Norsk Tidend bilete av tyske båtar som anten var torpederte eller som hadde køyrt på skjær e.l. i mest kvart nummer. Underhaldande. Litt mindre slikt i 42 og 43, om du lurte. No må eg finna ut kven "Mannen som veit alt" er. Han skriv rapportar til NT om kva som skjer i Europa under krigen.