Raggisland

Ei hjartesukkside

Album

No har eg lasta opp eit flickr-album på sida mi (sjå nede til høgre), og no kan de sjå noko av det eg har funne på dei siste vekene, ma i Berlin. Det kjem sikkert nokre nye bilete etterkvart, men kos dykk med desse inntil vidare :)

 

5 Kommentarar:

13:27, skreiv Blogger guffen...

var de ikkje inne i palast der republik? det var foreldra mine. far min song til og med fyrste strofa av 'nordmannen' der inne.

 
13:59, skreiv Blogger Purisme...

imponerande. visste ikkje at du var så teknisk av deg. apropos palast der republik, korleis går det med rivinga av det?

 
14:08, skreiv Blogger Ragnhild Bjorge...

Me fekk ikkje lov til å gå inn i det, men hadde eg gått inn - ja, då skulle eg sunge minst to vers av Nordmannen.

Dei riv i veg, eller rettare byggjer det ned. Det tek jo tid. Dei må heile tida leggja på like mykje sand som det dei fjernar frå bygget veg, slik at ikkje grunnvatnet kjem opp. Me kunne sjå inn i heile bygget. Det var mest stål og asbest att, tenkjer eg, men for nokre konstruksjonar!

Elles tykkjer no eg det er teit av dei å riva palasset, men det er no so si sak.

 
20:29, skreiv Anonymous Anonym...

Hei tante Ragnhild..
No vart eg veldig glad.. Ikkje verst at du har fått inn eit bilete av meg i albumet ditt ;) Men du har vel tenkt å få fleire bilete av meg her, eller?? Slik at alle kan sjå kor fin eg er.. :-p

 
12:26, skreiv Blogger guffen...

far min korrigerer meg litt: han song absolutt ikkje fyrste strofa av nordmannen i palast der republik, sidan alt inventaret var fjerna. derimot song han den strofa frå dirigentpodiet i konsertsalen til filharmonien i berlin seinare same dag. eller dagen etter

 

Legg inn en kommentar

<< Attende til framsida