Raggisland

Ei hjartesukkside

Kvinner og menn og posisjonar

Kjønnskvotering, særleg kjønnskvotering i akademia, har vore eit litt overraskande viktig tema rundt meg dei siste månadene. Om eg har sett film, drukke øl eller hatt det moro, so er det nokon som skal diskutera nett dette. Det er i og for seg veldig bra. Det eg stussar litt over er den evna menn har til ikkje å sjå a) korleis samfunnet fungerer i høve til kvinner og menn, b) at kvotering er eit middel ikkje den endelege løysinga og c) når dei argumenterer mot kjønnskvotering så er ikkje det noko revolusjonert. Dei snakkar for status quo. Det er utruleg mange karar eg har snakka med om dette i det siste, og dei hissar seg verkeleg opp :) No heldt eg nesten på å gløyma ein ting: dersom ein antydar at det går føre seg ei umedvita mannskvotering vert dei sinte. Til det siste har Astrid skrive om dette i siste nummer av FETT.


Men, altso: er (mange) menn no verkeleg redde for at kvinnene skal verta synlege og dermed vil flinke kvinner skvisa mindre flinke menn ut av posisjonar som dei tidlegare var sikre på å få? Er det so enkelt? Og er frp-retorikk einaste måten menn trur dei kan forsvara seg gjennom når det kjem til slikt? Er ikkje det i såfall ei løyndarline, stråmannargumentasjon (her er det mange artige ord, gitt)? Er det vanskeleg å diskutera dette på skikkeleg og sakleg nivå?

Ok, no har eg sjølvsagt ikkje tid til å skriva nok om dette i dag, sidan det ventar ein grisetjukk bunke med papir på meg på lesesalen.

Forresten, her kjem eit viktig PS! om noko heilt anna: Tøft!.

 

12 Kommentarar:

22:38, skreiv Anonymous Anonym...

Det finst også kvinner som er skeptiske til kjønnskvotering. Nokre vil kanskje gå så langt som å kalle kjønnskvotering i eit moderne demokratisk samfunn ein diskrimmenrande anakronisme. Heilt utan å vere mann.

 
08:33, skreiv Anonymous Anonym...

Ja, so feil kan dei ta.

 
09:01, skreiv Anonymous Anonym...

Sant og visst, Ingvild!

 
12:10, skreiv Anonymous Anonym...

Kva er målet med kjønnskvotering? Å få fram dei beste talenta, eller sjå til at vi får ein fin statistikk?

 
17:30, skreiv Anonymous Anonym...

Det viktigaste er vel å få fram dei største talenta. Det er vel alle einige om, problemet er at flinke kvinner blir forbigåtte, ikkje sant?

 
18:29, skreiv Blogger Ragnhild Bjorge...

Jepp! Flinke kvinner vert usynlege og forbigåtte. Det er ikkje særleg bra, korkje for verksemdene/institusjonane/organisasjonene som skal styrast eller for samfunnet, spør du meg.

Når me skal finna folk til verv, tenkjer me fyrst på menn. Dette er ein spiral det ikkje er lett å koma ut av. Me tenkjer på mennen fyrst, av di det er dei me kjem på, av di nokon andre har tenkt på dei fyrst. Det må vera ein grunn til at me kjem på eit mannsnamn før eit kvinnenamn når me skal fylla eit verv. Og det handlar ikkje om kor flinke dei er, det handlar om vane.
Berre spør meg og korleis arbeidet i dei fire - fem valnemndene eg sit i går. Folk kjem på menn og må setja seg ned for å tenkja om du spør om mnamn på damer - ja, kvinner ja. Det må me ha med! Eg har berre gløymt å tenkja på dei. Takk, som byd, seier no eg. Noko må gjerast. Difor er det bra at ein får krav om kjønnskvotering i styre og stell. Det gjer at ein vert nøydd til å tenkja på kvinner, der menn regjerer (og på menn der kvinner tradisjonelt har regjert). Då vert ein tvinga til òg å sja dei flinke kvinnene og slik kan ein faktisk få fram dei beste talenta. Og dette endrar seg diverre ikkje av seg sjølv og difor meniner eg at kvotering er eit godt verkemiddel, for å finna dei beste.

 
21:52, skreiv Blogger Purisme...

1. Eg tenkjer aldri på menn fyrst...I det heile teke trur eg at 40-prosentregelen er såpass internalisert hjå mange, i alle fall blant menn i min generasjon...

2. Men kvifor alltid dette maset om kjønnskvotering i nettopp akademia? Det finst i dag moderat kjønnskvotering der, men det er neppe den som er hovudgrunnen til at prosentdelen fyrsteamanuensar det siste tiåret har auka frå 20 til 35, og at talet på kvinnelege stipendiatar er 50/50 (tal frå UiB). Greitt nok at professorane stort sett er menn, men mange av dei vil gå av i løpet av komande tiårsperiode. Hugs òg at det er visse fag som er bortimot kvinnedominerte.

Poenget mitt er for det fyrste at der er rørsle i akademia mot fleire kvinner i posisjonar, dinest at det kanskje er på tide å sjå andre stader enn akademia, t.d. næringslivet. Det er ufattlege at tilhøva der vert neglisjerte. Når t.d. kvinnelege akademikarar ved UiB talar høgt om øyremerkte stillingar, og pakkar det inn i ein ideologi om det fallologsentriske samfunnet, så ser vel eg meir eigeninteressa. Den interessa er forståeleg, men heller ikkje meir.

3. I nemnder, styre og komitear med prestisje(både i organisasjonar og i staten) så er ein svært oppteken av å leite etter yngre kvinner i den forstand at dei mannlege 50-60-åringane sit, medan den yngre garde vert kvinner. Det indikerer at det ikkje alltid er kjønn som er poenget, også generasjon spelar inn. (Eg ser her vekk frå NM og slikt.)

4. Det er interessant at mange kvinner i maktposisjonar framleis definerer seg som opposisjonelle i kraft av å vere kvinner. Synogsegnredaktørane er berre eitt av fleire døme. Det minner meg litt om middagsscenen i Solstads "Professor Andersens natt".

 
22:28, skreiv Blogger Ragnhild Bjorge...

Ja, kvifor berre diskutera kjønnskvotering i akademia? Men det er tydelegvis det karane vil snakka om. Kanskje av di det etterkvart er god rekruttering av kvinner der (i lågare stillingar)?

 
16:10, skreiv Anonymous Anonym...

Dette er eigentleg ein kommentar til noko som vart diskutert for lenge sidan på bloggen til deg eller EvaM: Hans Fredrik Dahl. No har eg altso gjort det alle sa dei aldri skulle gjera: eg har brukt han som kjelde til oppgåva mi. (og ikkje som levning, der ein kan bruka alt slags rask etter det eg skjønar). Nei og nei!

Eg har brukt Norsk mediehistorie der han er medforfattar som kjelde til mediesituasjonen på nittitalet. Det finst nemleg ikkje noko tilsvarande verk utan den mannen.

Velvel, no har eg skrifta. Då er det vel greitt?

 
15:40, skreiv Anonymous Anonym...

Sluttar meg til det som er skrive om kjønnskvotering! Men at vedtaket om Hardangerbrua er tøft, er eg usamd i.

 
22:35, skreiv Blogger Ragnhild Bjorge...

Eg er både for og mot bruer. Eg meiner at dei mest negative fylgjene av bruene i Hordaland er at stader som før var "på landet" no vert rende ned av bergensarar og øydelagt av bokmålet og dets forvalteres mangel på eitt eller anna, og sjølvsagt vert det meir trafikk.
På plussida hindrar ein avfolking (iallfall var det scenarioet på øya mi og er det i Indre Hardanger). Det er jo fint at folk vil bu på bygdene.
Og for min eigen del - dersom eg skal slå meg ned i Indre Hardanger, noko som ikkje er heilt usansynleg, er eg faktisk ikkje interessert i å vera avhengig av at ferja går og av at HSD ikkje streikar kvar gong eg vil flytta meg ut der i frå. Det siste kan du nok kalla ein smule pragmatisk. Ferjene er jo fine dei, og turistane får no høve til å reisa med ferja Kvandal-Utne-Kinsarvik og der er jo fint.

 
11:31, skreiv Anonymous Anonym...

Fint nok at folk vil bu på bygdene, men dersom biltrafikken over Hardangervidda aukar no, kjem det til å gå ut over naturen der, ikkje minst av di Stortinget i same slengen vedtok (førebels) ikkje å byggja miljøtunnelar.
Forresten er det delte meiningar i Hardanger om brua. Ikkje alle er for.

Av miljøomsyn er eg mot, ikkje at det hjelper no...

 

Legg inn en kommentar

<< Attende til framsida