Raggisland

Ei hjartesukkside

Kongen, Veka og lite soving

Det er svinaktig kjekt fortida. Glitter, glam og seminar i Oslo i helga. Eg er sjølvsagt litt nøgd med 200 deltakarar på seminaret laurdag og solar meg framleis i glamglansen. Utruleg kjekk helg. Men eg får sjølvsagt ikkje med meg alt. Difor gjekk eg glipp av vekestarten i Volda. Trist, men eg har teke det godt att etter at eg kom hit att sundag ettermiddag. Sjekk galleriet her (og alle dei andre sidene òg, sjølvsagt) og kanskje du får med deg litt av stemninga? Bra revy, ein fantastisk konsert med Minor Majority i kyrkja sundag, sto over Paperboys, til fordel for senga mi, men Duplex-konserten gjorde susen. Og utsikta vart betre etter at eg fann ut eg kunne stå på ein barkrakk og hoppa i staden for å sitja. I går var det Jazzzland med Bugge Wesseltoft og co. Heilt genialt! Vel, enno er det tre konsertar att, eg byrjar å verta litt sliten men eg vil helst ikkje gå glipp av noko! Fint å vera student, gitt!

 

4 Kommentarar:

13:33, skreiv Anonymous Anonym...

Ja, det er fint å drikke masse øl kvar kveld og flørta med søte, unge gutar, eller kva?
(Eg les mellom linene)

 
13:41, skreiv Blogger Ragnhild Bjorge...

Eg synest det er veldig fint, ja! Du er flink til å lesa, det skal du ha, og med litt flaks får du sett ein og to veldig søte gutar i kveld.

 
03:55, skreiv Anonymous Anonym...

du di linselus....
nm.no ->www.eurofoto.no

 
10:53, skreiv Blogger Ragnhild Bjorge...

Linselus, eg? No forstår eg ingenting :)

Men fy f... kor utruleg kjekt eg har hatt det siste veka! So mange gode konsertar, festar, tull og tøys og Stage dolls har gjort come back som vorspielmusikk. - I go where the action is!

 

Legg inn en kommentar

<< Attende til framsida