Raggisland

Ei hjartesukkside

Fjas med stil

Eg byrjar å vakna att. Det er tungt å innsjå at kvardagen er her og at vekene faktisk har gått. Eg er ikkje komen lenger enn til 1. februar. Knapt det. Kvifor lurer kalenderen mig på ein slik utspekulert måte? Eg trur eg må sova med fagbøker under puta framover og med faglydbøker på minidisken om natta. Det er mykje som ligg og ventar på meg. Kanskje kan eg øva meg opp til å skriva i søvne òg? Det hadde vore noko!

Hadde det skammoro under veka med konsertar og besøk. Utan tvil dei artigaste dagane i Volda på ei stund. Fjastrid og Fjashild fjasa seg gjennom konsertar, fekting, turar og trønderrock. Ikkje dumt det. Det finst mykje gløymt musikk som kan brukart på vorspiel. (Her møter eg kanskje motstand frå Ulstein, men eg held likevel på mitt.)
Trur elles at eg har fått anbekjentskapskrinsen min godkjent, om enn etter ein del tvil, kontant avskriving av ymse element og diskusjonar om og med elementa. Ser fram til Dokfilm og vonar på meir fjasebesøk!

 

1 Kommentarar:

16:07, skreiv Anonymous Anonym...

Hei, det er bra å vera i Volda. Fine fjell, fin musikk og fine folk! Eg fekk ei melding frå Evam den dagen eg kom der ho skreiv at vi alle er vestlendingar inst inne. Eg veit ikkje heilt, men det er no fint med Vestlandet då, spesielt at dei har "byttekott" og "døropnarar". Slikt finst ikkje på austlandet.

 

Legg inn en kommentar

<< Attende til framsida