Raggisland

Ei hjartesukkside

Programmet er klart!

No er programmet til Veka06 klart og no kan alle de som kjem på vitjing i starten av februar byrja gle dykk! Astrid, skal du vera med på fektekurs, eller? Sjekk ut alle konsertane og alt det andre på Veka.no. Det tristaste med programmet er kanskje at eg går glipp av bokkafeen med Signumd Løvåsen. Ja, ja, men styret har fått til mykje kult og eg gler meg til Veka!

 

3 Kommentarar:

20:57, skreiv Blogger guffen...

makan til livlaust program. fektekurset er vel det einaste interessante. (dessutan skriv dei ikkje at løvåsen er i samarbeid med nynorsk kultursentrum, men den feilen gjer dei jo år etter år, så det er ikkje akkurat overraskande.)

 
21:16, skreiv Blogger Ragnhild Bjorge...

Du vert med på fekting, Guffen, ikkje sant? Elles er eg no open både for jazzkonsert, trippelkonsert, studentbandkveld, surferosa og ugras, eg. Men no er eg som vanleg ioverkant positiv til ting og tang. Men Veka bør hugsa å få med NK i det trykte programmet sitt, ja.

 
13:06, skreiv Anonymous Anonym...

jippi, eg vil på fektekurs!

 

Legg inn en kommentar

<< Attende til framsida