Raggisland

Ei hjartesukkside

Kjolenytt

I det siste har eg nesten gjeve inntrykk av å vera seriøs på denne sida, noko som har sett den store kjolesaka i skuggen. Men til alle dykk som har lurt: Den før jul mykje omskrivne kjolen kjem no til sin rett og skal luftast på mottakinga fredag. Eg kan ikkje lova bilete, men kanskje, kanskje :)

Elles er eg framleis interessert i meir informasjon om Henrik Rytter som folkehøgskulemann og norskdomsideolog.

 

6 Kommentarar:

15:45, skreiv Anonymous Anonym...

Eg hev kopiert eit uppslag um Rytter frå Norsk Allkunnebok til deg. Du kan få det neste gong eg møter deg på høgskulen.

 
17:05, skreiv Anonymous Anonym...

Er denne mannen i slekt med Åsa Rytter Evensen? Henne veit eg litt om, om du er interessert.

 
14:10, skreiv Anonymous Anonym...

Vi vil ha bilete av kjolen!

 
14:14, skreiv Blogger Ragnhild Bjorge...

Då er det berre å stilla opp fredag, og eg vil posera. Det er nok tryggast det. Elles må eg hyra fotograf...

 
11:05, skreiv Anonymous Anonym...

Gratulerer med vakker kjole. Veldig kledeleg. Den må du bruka oftare, baby!

 
11:25, skreiv Anonymous Anonym...

Det var ein fin kjole. Men eigentleg skriv eg denne kommentaren berre for å gjera merksam på at eg har fått vlogg...

 

Legg inn en kommentar

<< Attende til framsida