Raggisland

Ei hjartesukkside

Fjell stiller språklege kvalitetskrav

Fjell kommune eig domenenamnet MiSide.no, eit namn deptet er interesserte i, i og med at dei alt eig bokmålsdomenet. Minister Grande Røys tek nynorsken på alvor og vil laga ein tilsvarande nynorskportal. Ok, seier Fjell kommune. Deptet skal få låna namnet. Men utradisjonelt nok krev ikkje kommunen pengar, men at staten skal skriva god nynorsk på sida. Gjer dei det får dei MiSide.no til odel og eige. Språkrådet skal vera domarar. Eg er imponert og litt stolt! Dette må vera det mest offensive eg har høyrt på målfronten i år! Heile saka står i Vestnytt.no.

 

2 Kommentarar:

13:26, skreiv Anonymous Anonym...

Det er vel mest me fjellsokningane som hev grunn til å vera byrge. Men sundsokningar som deg kan sjølvsagt få lov til å sjå upp til oss i ærefrykt :)

 
13:29, skreiv Blogger Ragnhild Bjorge...

I ærefrykt? Eg tek meg fridomen og er stolt. Stolt og stril. Og litt overraska, for eg må no innrømma at eg ikkje hadde trudd so godt om Fjell når det gjeld nynorsk. Men eg forstår godt at du er stolt som ein hane...

 

Legg inn en kommentar

<< Attende til framsida