Raggisland

Ei hjartesukkside

Novembersommar

Olaug Nilssen er vorten festspeldiktar, Steinulf er vorten kalla ei lita pingle i Dag og Tid, eg får mykje kred for lesarbrevet hans mot FEV, underskriftene for å sleppa nynorsken til er overleverte, kvisslaget eg er på er på vinnarfot att, og det er varmt i Volda. Alt dette er vel ganske fint :)

Elles, må ha nye briller og det vert dyrt! Sukk. Og so er det berre ein månad til eksamen. Dobbeltsukk.

 

2 Kommentarar:

16:10, skreiv Anonymous Anonym...

For å vera litt moralistisk: Varme i Volda i november må vel vera (endå) eit sikkert teikn på at klimaendringane er i full gang. Eg ville hatt det på sukkelista mi, i alle fall.

 
16:30, skreiv Blogger Ragnhild Bjorge...

Det bør nok inn på sukkelista, ja. Samstundes er det litt godt når det ikkje er sprengkaldt og seinsommaren overraskar deg òg...

 

Legg inn en kommentar

<< Attende til framsida