Raggisland

Ei hjartesukkside

Kling, klang, klong - julesong

Jippi!

No strøymer julebordsinvitasjonane på og det gjev ein stakkar eit snev av sjølvtillit: «Ha! Folk vil ha meg på fest i år òg! Hurra.»
Ok, no har ikkje desse invitasjonane kome i slike mengder som vatnet kjem her, men eg har fått fleire enn ein, og det er framleis uhyre lenge til desember. (Desember = eksamen => lenge til.)

Eit annan viktig punkt er at slike invitasjonar legitimerer kjøp av nye ting, som kjolar og skor og slikt. Då gjer det ikkje noko at ein eigentleg burde kjøpt zalo, fornuftige vinterskor, ei pensumbok. Ein kan jo ikkje gje seg sjølv julegåver, og difor har ein funne opp slike tradisjonar - nemleg for å gje seg sjølv førjulsgåver. Jippi x2! Eg skal handla fine kjolar! Astrid, skal du vera med på kjoleshopping?

 

9 Kommentarar:

14:23, skreiv Anonymous Anonym...

Her kjem ein til: Jostedalen 17. desember, på kafeen. Musikk: Labakkalaget og Helselaget. Arr: Spel- og dansarlaget.

 
11:55, skreiv Blogger Ragnhild Bjorge...

Ei innbeding til? Tusen takk! !Dette må eg vurdera sterkt å koma på.

 
13:56, skreiv Anonymous Anonym...

Eg stiller alltid opp når det skal kjøpast kjolar.

Vi får snakkast!

 
12:20, skreiv Anonymous Anonym...

Og kjem du til Oslo før jul kan eg love eksklusivt privatjulebord på Hotell Lindern!

 
15:00, skreiv Blogger Ragnhild Bjorge...

No er det største problemet mitt at den vanvittig tøffe kjolen eg skulle vinna verda i er utseld over alt! Og då meiner eg over alt, for alle eg kjenner har måtta fly ut i butikkane nær der dei bur for å sjå etter ein siste superkjole, men nei då. Sukk!

 
23:48, skreiv Anonymous Anonym...

Kankje han er i Ulsteinvik? Om du tek deg ein tur må du kome innom til oss å få deg ein liten jolekaffi ;)

 
00:45, skreiv Anonymous Anonym...

Du HAR kjole! Flott og cerissraud til 50 kr frå Sogndal! Utakknemlege beist!

*fnis*

 
17:10, skreiv Blogger Ragnhild Bjorge...

Ja, Erik, eg har ein veldig fin knallfarga kjole! Eg trur likevel at den er vel dristig for desse avisfolka eg skal på julebord med. Kanskje eg kan ha han på meg på eit anna julebord. T.d. det i Jostedalen? Eller i Linderngata?

 
12:26, skreiv Anonymous Anonym...

Hei tante Ragnhild!

Har du funne kjole?? Om ikkje du har det, kan du få lov til å låna eit par av meg. For eg har nokre som har vorte litt små til meg no, så det er berre til å gje ein lyd, så kan eg senda dei i posten til deg. (har nokre fine bodyar med blonder òg som passar fint til dei, om du er interessert...!!)

 

Legg inn en kommentar

<< Attende til framsida