Raggisland

Ei hjartesukkside

Grasgrønt og vått

- det er Vestlandet det.
No er eg komen i sommarjobb att og alt er som i fjor. Dei gamle snakkar framleis om akkurat det same som då eg forlet dei i august 2004. Det er som om eg har vore vekke eit par veker, ikkje eitt år. Graset ute ser ut til å vera like langt og uslege i år som i fjor. Einaste skilnaden er at nokre av dei gamle på avdelinga mi har teke farvel med denne verda og at det er komne nokre nye.

Tenkte eg skulle ha ein sprek sommar og sykla på jobb so sant det var vêr til det. Lat oss seia det slik - ingen fare enno for det er myrkt og minner meir om oktober enn juni ute.

Hege L har bursdag i dag, so eg vonar alle har hugsa å gratulera henne!

 

9 Kommentarar:

14:08, skreiv Blogger Magnus...

Trudde avdelinga du snakka om var her på mållagskontoret fyrst...

 
14:34, skreiv Blogger Ragnhild...

Hehe...artig den kommentaren, Magnus:-D

Ser du har ført meg opp i lista di over andre bloggarar. Får litt prestasjonsangst no...Bloggen er jo ikkje akkurat så veldig fancy. Men berre vent til eg er ferdig med hovudoppgåva! - då skal eg få fancy blog då!

 
15:05, skreiv Blogger Ragnhild Bjorge...

Hi, hi!
Det er nok på gamleheimen min, ja. Men morosam kommentar!

Eg tykten bloggen til ho hi Ragnhild var morosam, eg. Kan lett halda meg oppdatert og det likar eg no. Gler meg til fancybloggen kjem!

 
15:11, skreiv Blogger Magnus...

Du kan jo skriva om korleis det går med hovudoppgåva då, og få støttande ord og muntre tilrop, for ikkje å snakka om gode idear, undervegs.

 
11:55, skreiv Anonymous Anonym...

Eg har hausta mange kjekke helsingar på grunn av kommentaren din her på bloggen! Fin-fint! Gler meg til moro på festspel i neste veke! Hege L

 
17:48, skreiv Anonymous Anonym...

Hei søta
Vil du koma på klassefest hjå meg?
Ronny Bruvik

 
13:16, skreiv Blogger Ragnhild Bjorge...

Hei!
Litt usikker på klassefest hjå Brukvik. Det spørst på om du framleis er som i songen, eller ikkje.
Kvar skal du ha den festen då?

 
10:31, skreiv Anonymous Anonym...

Klassefesten er heime hjå meg, i Bruvika. Og - eg har blitt ein ny mann, ikkje meire ugagn på meg.
Kjem du, eller?

 
11:12, skreiv Blogger Ragnhild Bjorge...

Skal tenkja på det.

 

Legg inn en kommentar

<< Attende til framsida