Raggisland

Ei hjartesukkside

Glimt frå kvardagen

Det er sommar i Oslo. Litt dumt å sitja inne og arbeida når ein eigentleg burde nytt sola, høyrt på musikk kanskje til og med bada?

I staden for slikt har eg vore med og intervjua ein kar i dag som kunne fortelja at han kunne snakka nynorsk i festlege lag, når underhaldningsverdien var målsetnaden. Slik er oslopolitikarane, i alle høve g enur, som me kan kalla han for. Dette, og andre godbitar kan du sjølvsagt få lesa om i neste mål og makt!

Når eg får tid skal eg laga ein faktaboks om verda sett frå vestre rådhustårn i Oslo. Det kan verta stoff for Straamannen.

Ragnhild

 

4 Kommentarar:

13:31, skreiv Anonymous Anonym...

Oi, oi, ja - korleis gjekk det med intervjuet av han Brune-Rune i dag?

 
13:38, skreiv Blogger Ragnhild Bjorge...

Han er ein veldig hyggjeleg mann og han serverte nokre gode poeng det kanskje kan vera sprengstoff i. Men det er heilt sikkert at han lever i ei anna verd enn den eg lever i.
Eg har trudd at Bergen var ein stat i staten, men eg innser at hovudstaden òg er ein eigen stat med sin eigen logikk.

Mannen sa ein heil del bra om snunaden i Ap, om utvilinga i den marknadeliberale høgrestaten og om den bedritne kulturpolitikken til Oslo kommuen, men når det kjem til nynorsk, samar og morsmålsopplæring er det ikkje mykje å henta. Då går han ut av verda mi og inn i ein stad der ein annan form for logikk eksisterer, men eg kan ikkje skriva kva han sa har. Godbitane får venta :)

 
17:00, skreiv Anonymous Anonym...

Litt dumt å ha som toppsak på sida di at det er sol i Oslo når byen flaumar over av regn og vinden er sur og kald og det har vore slik i mange dagar, eller kva? Men du er kanskje ute og et is i striregnet? Ja, styggver gjer menneska sure og sinte!

A

 
18:56, skreiv Blogger Ragnhild Bjorge...

Det har du jammen meg rett i!

 

Legg inn en kommentar

<< Attende til framsida