Raggisland

Ei hjartesukkside

Brann og Dag og Tid

Har de lese siste Dag og Tid? Eg har i alle høve lese ei sak, saka om Brann. Frå då Brann banka Rosenborg for ei veke sidan. 4-1! Ha, ha alle trønderar. På høg tid å byta ut eit par ringrevar, tenkjer eg.

DT glimtar til stundom. Stort sett er det på reportasjefronten eller i eitt og anna intervju (og Olaug og Ragnar H sine innsider) og med denne, ikkje geniale, men veldig gode reportasjen har Todal gjort seg fortent til omtale på sida mi (med namn). Du må skriva meir, Per Anders! Ikkje sitja og redigera. Det seier no eg..

 

4 Kommentarar:

13:30, skreiv Anonymous Anonym...

Eg også koste meg godt med teksten om Brann. Må i tillegg nemne at eg også tykte at teksten om rivinga av Studentsenteret i Bergen tok tak i hjartet. Litt av eit studentliv det bygget kunne by på...

 
16:03, skreiv Blogger Magnus...

Eg hugsar ikkje anna frå den utgåva enn teksten om Brann mot RBK. Ikkje det at å slå RBK er nokon stor sak i år...

 
13:12, skreiv Anonymous Anonym...

Hei Ragnhild! Eg elskar også Brann og fotball. Eg tenkjer litt på om eg kanskje skal bli ein Brann-hooligan, men eg er redd for at dette kanskje kan lokka fram att dei mørke sidene i meg som eg har prøvd å undertrykka sidan ungdomsskulen. Kva trur du? Burde eggå på fotballkamp?
p.s. klassefesten er utsett. Det var ikkje så mange som ville kome...

 
21:48, skreiv Blogger Ragnhild Bjorge...

Hei Bruvik!
So du likar fotball, ja. Hm. Du må no gjerne gå på Brannkamp, men dersom du har tenkt å laga bråk og banka folk, kan du kanskje byrja med boksing i staden. Eller kanskje med yoga. Då kan du kanskje få kontroll på desse mørke sidene dine. Du har no gjort mykje rart oppgjennom tidene. Tent på jentedassen, truga pengar frå folk - ja, i det heile.

Elles? Vert det noko ferie på Bruvik i år? Og kvar går evt ferda?

 

Legg inn en kommentar

<< Attende til framsida