Raggisland

Ei hjartesukkside

Solsukk

Nett no er det altfor mykje å sukka over og altfor lite tid til å gjera det!
Eksamen, til dømes. Eg kan ikkje utstå eksamen og eg får det heller ikkje til. Ein ting er at det er keisamt, både konseptet og innhaldet, men hovudet vil ikkje hjelpa meg. Det slit og det er verd å sukka over.

So kan ein sukka over pollensesongen, over journalistar som ikkje veit sitt eige beste eller journalistar som sukkar over ikkje å ha vorte spurde om å stå på "Slepp nynorsken til"-oppropet eller over dei som tek seg sjølv so høgtidelege at dei nesten ikkje torer helsa. (Kor lenge skal det halda fram?) Ja, og so kan ein sukka litt over dei som er redde for nynorsk i spaltene sine.

Det er sikkert mykje meir å sukka over òg. Pengar, til dømes eller livet reint ålment.

Difor: Her kjem litt gladnytt! Det er kome ut eit nytt Mål og Makt og det var utruleg bra! Det ser lekkert ut og det er fullt av gode og morosame tekstar. Lurer på om den nye Jon "Daniel Braut" Hustad vil svara i nest nummer og om nokon er fornærma over å ikkje å ha kome på lista over nynorskintellektuelle M&M vil høyra meir til. Sjekk ut sidene til Mål og Makt.

 

5 Kommentarar:

17:06, skreiv Anonymous Anonym...

Hm, no vart eg frykteleg nyfiken på kven som er fornærma. Dei må no skjøna at alle er hjarteleg velkomen på underskriftslista! Jaja, såg Roald Helgheim ikkje ville stå på lista for at han ikkje er nokon kjendis.
So heldig at alle me andre er det då :o)

 
10:27, skreiv Blogger Vidar...

Mål og Makt var heilt fantastisk. Om ikkje Hustad svarar på slakta så er han ein feiging... Lista over den nynorske intelligentsian var genial - men ikkje fullt så genial som lista over dei som ikkje står på lista!!

 
14:23, skreiv Blogger Erlend...

Appropo dårleg/godt humør: Send meg adressa di, Ragnhild, så skal eg sende eit postkort frå Reykjavik.

:)

 
14:37, skreiv Blogger Ragnhild Bjorge...

Å, så fint :)
E-post med adressa er undervegs!

Ragnhild

 
17:47, skreiv Anonymous Anonym...

Hei frøken fryd! Håpar du har det bra. Det fortener du! Sjølv har eg det dårleg. Eg er dessutan einig i at det er mykje bra i Mål og Makt. Artikkelen om Valgerd-boka er veldig bra, den burde vi senda til Valgerd, slik at ho skjøner at ikkje alle i Oslo misforstår henne. Artikkelforfattaren er jo leiar i Smio.

A

 

Legg inn en kommentar

<< Attende til framsida