Raggisland

Ei hjartesukkside

Noreg rundt

Volda - Bergen - Oslo - Tromsø - Oslo - Volda - Oslo - Volda. Dette er slik den næraste framtida mi ser ut. Lat oss seia sidan torsdag 7. april til 26. april. Kanskje eg skulle ha ei tevling? «Kvar er Ragnhild?» Så kan det vera ny trekning kvar dag. Om nokon vil sponsa tevlinga med premiar, er det heilt greitt.

Innimellom, når eg er i ro, skal eg skriva heimeeksamen og levera tekstar hit og dit. Det er no litt dumt av meg å seia ja til alt mogleg når eg eigentleg ikkje har tid eller ork til det.

Forresten, i går starta verkeleg året. Då starta Tippeligaen! Ok, så starta dei andre laga sundag, men Brann spela fyrste kampen i går og vann over Molde. Strake vegen mot gull. Det er mottoet i år. Eg berre nemner det.

 

2 Kommentarar:

19:27, skreiv Anonymous Anonym...

Ja, det er litt teit av deg, men det veit du eg synst :P
Eg har skåpet fult av ripssyltetøy som eg har laga sjølv. Om nokon vil vinna det kan dei gjerne det for meg.

 
10:57, skreiv Blogger Magnus...

Brann på veg mot gull, liksom. Det vert Enga i år.

 

Legg inn en kommentar

<< Attende til framsida