Raggisland

Ei hjartesukkside

Fantastisk!

Det er heilt fantastisk kva oppslutnad oppropet (under) har fått! Eg oppmodar alle til på senda lekkja til «Slepp nynorsken til» vidare til alle dei har i adressebøkene sine og til å alltid ha med seg ei underskriftsliste i baklomma eller veska.

Elles var det ein sann svir å sjå Giæver og Dukkert på Redaksjon EIN i går! Makan til argumentasjon skal ein leita etter. Til og med Viggo J såg ut som om han tykte dei var patetiske. (Og Jon Eikemo ? hald deg til scena og ikkje til debattprogram, ver so snill)

Elles opnar Studenthuset Rokken i dag og eg gler meg heilt vilt til å få studenthus i Volda. Dessutan er det dødslekkert! Veka 05 er snart i gang!

Treng nokon av dykk bil? Eg sel verdas mest sjarmerande Fiesta for ein rimeleg penge. Ikkje er ho køyrd langt og ikkje er ho venskeleg å ha med å gjera. (Kanskje verre med eigaren.) Gje bod! Kan køyra bilen til døra di.

Ragnhild

PS! «Kvar er Ragnhild»-tevlinga går inn i ein ny fase i morgon. Giss i veg.

 

3 Kommentarar:

16:26, skreiv Blogger Eva Marie...

Oslo? Har høyrd noko om det. Eva Marie

 
22:37, skreiv Anonymous Anonym...

Kuala Lumpur? Nei, Oslo.

 
11:00, skreiv Blogger Ragnhild Bjorge...

Eg trur eg må laga betre tevlingar.
Ragnhild

 

Legg inn en kommentar

<< Attende til framsida