Raggisland

Ei hjartesukkside

Til lukke med dagen!

Til lukke med dagen, kvinner (og menn)!
Det er veldig fint å verta ynskt til lukke på ein slik dag. Eg trur eigentleg at fleire bured hugsa å ynskje kvarander til lukke.

I Volda feria me dagen med føredrag om kva den svenske kvinnerørsla hadde å seia for at unionsoppløysinga vart fredeleg. Veldig interessant.

Treng du lesa meir om 8. mars? Her finn du litt om kvinnedagen.

Enno meir finn du hjå Kvinnefronten.

I dag er det forresten 30 år sidan SN avgjorde at 8. mars skulle vera ein internasjonal kvinnedag.

 

1 Kommentarar:

20:54, skreiv Anonymous Anonym...

Eg vil òg ynskja alle til lukke med dagen! I dag har eg gått i tog for pensjon, litt komisk, eg har jo ikkje kome i gang med å jobba, men eg vil òg ha pensjon når den tid kjem. So var eg på føredrag på Dragvoll i samband med kvinnedagen, då var TV Trøndelag der og filma oss :)

 

Legg inn en kommentar

<< Attende til framsida