Raggisland

Ei hjartesukkside

Redd rovdyra

Rovdyrpolitikk er ei uhyre viktig sak i Noreg i dag. Skal me ha ulv eller ikkje, og kvar? I Hedmark, i oslomarka, og skal han få lov til å yngla?
Men det er alltid nokre som vert gløymde i slike ordskifte, og denne gongen er det Senterkvinnene i Oslo som tek andsvar og set søkjeljoset på Besserudsormen.

Berre les:
« - Senterkvinnene ynskjer å føre ein restriktiv rovdyrpolitikk i det langstrakte landet vårt, men dei siste planane frå hoppmiljøet og turistnæringa i Oslo om å tømme Besserudtjernet for vatn også på sumaren, kjem til å få uynskte verknader for sjøormen, den mest trua dyrearten i landet vårt, seier leiar i Oslo Senterkvinner Hilde Lysengen Havro.

Besserudormen har heimen sin i Besserudtjernet oppunder hoppbakken i Holmenkollen, og er viktig for å oppretthalde det biologiske mangfaldet på Oslo Vest.

- Det er ikkje påvist at sjøormar i Noreg har teke korkje sau eller skihopparar, og Besserudormen er ein såkalla "snill sjøormart", i motsetnad til den meir agressive arten i Loch Ness, seier Lysengen Havro, og legg til:
- Skiphopparane kan heller lære seg å symje, så skulle landinga gå bra også på sumaren.

Sjølv ikkje det hoppvenlege Oslo Senterkvinner kan gå med på at livsgrunnlaget for denne fantastiske og sjeldne dyrearten blir forringa, men har ei løysing på saka:

- Me i Oslo Senterkvinner vonar no at Telemark Senterparti kan arbeide for at Besserudormen får innvilga asyl i Seljordvatnet, seier Lysengen Havro, og lovar å gjera dette til ei viktig sak i valkampen.

Besserudormen går i dvale på vinteren, og det har difor ikkje vore problem for sjøormen at Besserudtjernet blir tømt for vatn før hoppsesongen tek til på vinteren.»

Og eg seier berre takk for at de minna oss på dette!