Raggisland

Ei hjartesukkside

Radio Volda

I dag ringde ei jente frå Radio Volda og spurde om eg var Nynorsk-Ragnhild. Ho vil ha meg med i ein debatt om framlegget til nye læreplanar no i ettermiddag. Ho sa no at dei kunne ringja Endre Otto om eg heller ville det, men eg tenkjer no at dette sikkert er litt moro å vera med på. Ikkje veit eg, eg har no vel aldri vore i ein radiodebatt nokon gong. Og eg kan vel ikkje veldig mykje om saka heller. Slik sett burde eg kanskje sagt at Endre Otto gjerne kunne stilla, men det gjorde eg altso ikkje. No sit eg og les meg opp det det vesle eg finn, og lurer fælt på kven som vert motdabattanten min.
Ynsk meg lukke til!

Ragnhild

 

3 Kommentarar:

09:26, skreiv Anonymous Anonym...

for oss som ikkje får inn radio volda,korleis gjekk da????

 
15:08, skreiv Blogger Ragnhild Bjorge...

Det gjekk eigentleg bra, trur eg. Veldig kjekt å ha prøvd å vera med i eit slikt ordskifte og eg trur nok eg lærde nokre tips til ein annan gong (om eg får slike tilbod att). Måtte snakka mot bokmålsforbundet på telefon. Det var no ei oppleving i seg sjølv. Dei er no ikkje heilt rette på noko vis. Snakka om Kultur for læring som kulturmeldinga, til dømes, og meinte at merkander om sidemålsundervisinga frå eit fleirtal i Stortinget ikkje på noko vis kunne sjåast i samanheng med sidemålsforliket. Ja, ja.

Ragnhild

 
13:58, skreiv Anonymous Anonym...

Nynorsk-Ragnhild, det er so tøft! Nett som kjendisane i Se og hør, dei òg får slike rare namn. Men må vera mykje kjekkare når tilnamnet er nynorsk og ikkje Cæsar ;)

 

Legg inn en kommentar

<< Attende til framsida