Raggisland

Ei hjartesukkside

Opninga

Når ein kjem opp i eit ordskifte på kommentarlista i bloggen og tenkjer at dette burde eigentleg vore ei sak for seg sjølv, kva gjer en då? Held ein frem med å skriva kommentarar eller lagar ein ei sak på noko som kanskje er utskrive?

Vel, det som eg eigentleg hadde tenkt å skriva noko om, er at senteret for nynorsk i opplæringa skal opnast i Volda i morgon. Det skjer sjølvsagt med all den pump og prakt (pumpa og prakta?)som noko slikt må føra med seg. Og det er no fint at det er oppretta eit slikt senter, men eg sit med ein bismak i munnen. Her skal ministeren opna seneret, samstundes som Høgre vil avskaffa sidemålsundervisninga i skulen. Det er det no i alle høve gjort framlegg om i det nye partiprogrammet som skal opp til vedtak på landsmøtet i Høgre.

Då Clemet la fram "Kultur for læring"-meldinga og proklamerte dette senteret (samstundes som ho la fram ein pakka med nynorskåtak), vart det skriveri om judaspengar og plaster på såret. Det er vel like aktuelt, eller er det ikkje det? Det er vel ingen grunn til å tru at åtaka vert mildare sjølv om sidemålsfarsen i Oslo er om å skli inn i soga som eit flaut kapittel i høgresoga.

Eigentleg har eg lyst til å ropa slagord og demonstrera mot Clemet i morgon. Men på ei anna side er det på høg tid at nynorskopplæringa vert teken på alvor! Få emne er vel so underprioriterte i skulen som nynorsk, og då særleg nynorsk som sidemål. Slik sett er det no på høg tid at det vert forska på korleis ein kan gjera denne opplæringa betre.

Men kva vert konklusjonen? Skal eg vera glad i morgon? Glad, men sint på ministeren? Berre sint? Litt av kvart?

 

2 Kommentarar:

20:36, skreiv Anonymous Anonym...

Promp og pakt seier eg.

 
17:37, skreiv Blogger Ragnhild Bjorge...

Det var ikkje mykje promp under opninga, men eit par mobilar ringde.

Var elles ei fin opning, full av nynorske popstjerner som Olaug Nilssen, Ragnar Hovland og ikkje minst utdrag frå Aasenmisikalen til Volda vgs. Fantastisk!

 

Legg inn en kommentar

<< Attende til framsida