Raggisland

Ei hjartesukkside

No er eg tante

Ja, det stemmer! 14. mars vart eg tante til Andrea, og det er sjølvsagt høve til å ynskje meg til lukke med tantungen. Ho er den klart finaste nyføddingen for tida og eg trur me kan verta gode vener. Ho grein då eg skulle gå etter å ha vore på vijting til ho om mora på klinikken og ho er alt god til å geipa. Det lovar veldig godt! Og ikkje minst smila ho stort då ho vekk vita at ho no var medlem i babymållaget. (Det er sjølvsagt lov til å ynskje foreldra til ungen til lukke, men dette er trass alt mi nettside.)

 

7 Kommentarar:

00:51, skreiv Anonymous Anonym...

Hjarteleg til lukka med det nye "vervet" :)

Men kvifor skriv du at du er ei vorta?

 
11:12, skreiv Anonymous Anonym...

Og no når du retta yverskrifti di so vart vorta-kommentaren min heilt meiningslaus :)

 
19:31, skreiv Blogger Ragnhild Bjorge...

Ja, det kan du seia. Eg tenkte eigentleg å gje uttrykk for eit visst målsyn. Eg er for at ein skriv ei opa dør, eit ope hus og ein open bil. Då vert det òg at «Ho var opa», ikkje sant? Då tenkjer òg at det er ok å syna kva kjønn eg-personen er. «Han er vorten» og «ho er vorta», og i mitt tilfelle «Eg er vorta». Det er altso du i mot? (Ok, no endra eg setningen, slik at kommentaren din skulle sjå rar ut, men eg tenkte eg kunne vera snill og seia kvifor det sto som det sto, likevel.)
:P

 
17:33, skreiv Anonymous Anonym...

Eg veit godt kva du freista, men det er oftast artigare å lata vera å skyna slikt :) Elles: Dersom du ynskjer å hava skikkeleg samsvarsbøying må du nok halda deg til å skriva "opi", "vorti" osb. Hehe.

 
19:33, skreiv Blogger Ragnhild Bjorge...

Men kva er skikkeleg? Er det det som er rett eller er det det som eg meiner er rett? Det er vanskeleg dette. Skal skriva som eg vil og la (ein del) folk tru at eg ikkje kan skriva rett eller skal eg skriva slik at folk trur eg kan skriva rett? Eigentleg tykkjer er jo at normering er keisamt og det gjer no ikkje ting enklare - i og med at eg no let som om eg tykkjer det er viktig... Hm.

 
10:11, skreiv Anonymous Anonym...

Til lukke frå meg også, sjølv om dette skal handle om noko heilt anna:
Eg såg deg på nett-tv etter å ha lese i bloggen din at du skulle vere med i redaksjon en. Eg fekk som vanleg vondt i magen av å sjå på Hans FD, og håpte at alle gjennomskoda dei skitne hersketriksa. Eg synest det er så bra at du har skrive i Syn og Segn og avslørt både han og andre aktørar i Brennbart-debatten! Fleire burde ta seg tid til å forklare (på ein så grundig og bra måte som du gjer) korleis herskinga foregår, både i denne og andre samanhengar.

 
11:18, skreiv Blogger Ragnhild Bjorge...

Takk, takk!
Det er veldig kjekt å få skryt og slike tilbakemeldingar! Det er verkeleg mange som burde vore avslørde som hersande besserwissarar der ute i ålmenta. Det plagar meg verkeleg at slike som Dahl kan har fått ein slik status som han har og slike posisjonar når ein ser kor han oppfører seg i debattar og korleis han brukar (eller let vera å bruka) kjelder for å underbyggja det han skriv. Dersom eg hadde vore skikkeleg tøff, skulle eg ha kalla han ein bløff og juksemakar, men det er eg kanskje litt for sjenert til å gjera.
Det er har gjort, er sikkert å øydeleggja alle framtidige høve til å koma på fjernsyn, i og med at eg har skrive om korleis guteklubben oppfører seg før kamera byrjar å rulla!
Eg trur eg er for å byta ut alle debattprogramleiarane frå oslogryta (det er vel alle som er), men folk som sit andre stader enn i Oslo. Dvs folk med eit anna perspektiv på verda, ikkje er bestisar med alle dei har i studio osv.

Forresten, gler meg til å få med meg bokbadinga med deg og Ragnar Hovland i morgon i Volda!

 

Legg inn en kommentar

<< Attende til framsida