Raggisland

Ei hjartesukkside

Pausen over

Pausen er over og eg er attende. Litt sliten, men i godt humør. Ser at ingen har funne kuren eg etterlyste før kurbadssopphaldet mitt, men kanskje trengst han ikkje heller? Kven veit?

Ragnhild

 

10 Kommentarar:

12:03, skreiv Anonymous Anonym...

Godt å ha deg tilbake. Snart passerer sida di 2000 treff. Er det nokon premie til den som er nummer 2000?
Remi

 
12:26, skreiv Blogger Ragnhild Bjorge...

Premie til vitjar nummer 2000? Det var ikkje dumt! Men eg veit jo ikkje kven nummer 2000 vert, med mindre personen melder frå kven ho eller han er? Gjer de det, vert det kanskje premie!

Ragnhild

 
22:30, skreiv Blogger Fru Lur...

godt at du er attende, ja!

sørgmodigheit
5 ting som hjelper

1. drikka god whisky
2. klina med nokon ein kanskje ikkje burde klina med
3. reisa på ferie til gode vener
4. gjera noko ein eigentleg ikkje torer
5. ikkje angra

Dette kan du godt fortelja vidare

 
15:35, skreiv Blogger Ragnhild Bjorge...

Høyrdest ut som gode tips! Må visst fortelja dei vidare. Eller kanskje han les dei sjølv og kanskje vert han kurert då?
Ragnhild

 
20:37, skreiv Anonymous Anonym...

Hei gode namnesyster! Eg var nummer 2000! Kva er premien?(Korleis provar eg det? Kremt...)

Eg trur ikkje eg går for punkt 1 og 2 på lista til frulursur over ting som hjelper mot sørgmodigheit. Whisky både stinkar og smakar udrikkeleg, og har alltid ført til stor sorg for meg. Og punkt 1 og 2 let seg vanskeleg kombinera. Viss ein då ikkje er dritings på denne whiskyen. Punkt 3-5 er fine. Men eg trur at ein skikkeleg god latter er den beste kuren mot sørgmodigheit, og det å drikka whisky, klina, reisa osb utfører ikkje nødvendigvis latterkrampe. Så her skal du få mine heite tips mot alt vondt i verda (du må gjerne prøva frulursur sine tips fyrst og samanlikna med mine etterpå):

1. www.frulursur.blogspot.com (nei, eg mobbar deg ikkje frulursur. Men eg må innrømma at det du skriv får meg litt i utakt av og til, og det er det ikkje alle som får til!)
2. Sjå kvalitets-skjult kamera på tvn! (Du kan rådspørja meg)
3. Innbilla nokon at dei er med på skjult kamera
4. Å gjera litt hemmelege ting som absolutt krev at du her heilt stille gjer at du alltid må le.
5. Lag adjektivhistorie om interne hendingar mellom gode vener

Eg må faktisk le når eg sit her og skriv og byrjar tenkja gjennom dei gongane eg har gjort nokre av dei tinga eg føreslår her. Så prøv du òg!

Ragnhild:-D

 
09:44, skreiv Anonymous Anonym...

Om eg berre er litt trist hjelper det meg å kjøpa ein ny penn som skriv i ein artig farge :) Men so er eg kanskje litt rar, å farga håret gjer òg godt.

 
16:01, skreiv Blogger Magnus...

Eg trur alle strategiane som er nemnde her skulle funka bra. Det er jo ikkje slik at me kan anten vera sørgmodige eller sjølvbekreftande/grensesprengjande (frulursur) eller ha ein god lått. Dette let seg kombinera. Eg hadde for so vidt vore godt nøgd med berre litt klining, kunne gjerne vore nokon eg burde klina med.

MEN: eg vil tru at frulursur-punkta 1, 2, 5 og ragnhilda-punkt 2 kan bidra til å auka sørmodigheita, då. Om ein ikkje er i humør, liksom.

Sjølv vel eg meir mannlege strategiar som å sula på folk og å stirra i veggen.

 
16:06, skreiv Blogger Magnus...

Skulle stå 'skula'.

 
00:41, skreiv Anonymous Anonym...

Eg vart vitjar nr 2245. Får eg premie då?

 
12:18, skreiv Blogger Ragnhild Bjorge...

De får få fine premiar ein gong, tenkjer eg. Kva med «opplevingar med meg»? Kan det vera gode premiar?
Ragnhild

 

Legg inn en kommentar

<< Attende til framsida