Raggisland

Ei hjartesukkside

Eg likar ikkje findenost

Eg er so sint, so sint på kampanjen mot Tine! Og det einaste som mangla av at heile sulamitten skulle vara sett i gang av regjeringa. Eg trur faktisk på dei som har vore i media og meint at heile saka må vera planta. Eg undrar meg òg saman med dei som har peika på at saka snudde frå å vera eit åtak på matvaragigantane i Noreg og deira metodar med rabattar og sal av hylleplass og plassering av produkt i butikkane sine til å verta ei sak mot Tine.

Og so kjem det for ein dag at Morten A. Meyer (ja, han veit de alle at eg ikkje skriv mykje fint om) eller departementet hans har fôra Synnøve Finden med, eller som det står: leke hemmeleg regjeringsinformasjon til Synnøve Finden om kva planar dei har med Tine.

Er moderniseringsdepartementet mot samvirkeverksemder? Er dei ikkje kapitalistiske nok? Og kvifor skal private Finden få denne informasjonen? Kvifor rasar «kapitalen», eller var det kapitalistane mot Tine og krev deling? Er det ikkje rett form for privat drift når 19.000 bønder eig noko saman? Er formelen slik at det er berre nokre få høgrefolk som skal sitja i kvart styre, eller? Eller er privatiseringsfundamentalistane berre sjalue av di dei ikkje greier å organisera seg like godt når dei legg sin ideologi i botn? Og gløymde desse som rasar kritikken mot matvarebransjen? Oj, der gløymde eg noko: dei er jo dei! Sine eigne høge vernarar. Sjølvsagt er det fint med ei fokusendring for dykkar skuld.

Tine kan pusta ut når det gjeld meg. Eg likar ikkje osten frå Synnøve Finden eingong, eg.

Ragnhild

 

1 Kommentarar:

09:51, skreiv Anonymous Anonym...

Hei Ragnhild!

Eg stør deg og Tine eg og. Høgre er så sleipe når dei prøvar å bruka denne saka til å splitta opp Tine.

Vanlegvis stør eg alle boikottar, eg boikotta t.d. Ringnes då dei la ned Tou i Stavanger, ikkje fordi eg eigentleg brydde meg, men berre fordi eg ville vera med på ein suksessfylt boikott. Men i det siste har eg drukke ekstra mykje mjølk (og iskaffi) for å stø Tine.

 

Legg inn en kommentar

<< Attende til framsida