Raggisland

Ei hjartesukkside

I gang att

Det er eigentleg ganske godt å koma i gang att med semesteret og flytta inn på lesesalen. Ny ståltermos og godt mot må utnyttast so lenge som råd er. Ok, konsentrasjonsevna er kanskje ikkje heilt på topp enno, men det har ho vel heller ikkje vore på ei stund. Men det skal koma seg.

Sit og les om kven som var fascistar i Noreg og kvar i landet dei kom i frå. Mykje interessant, men ein god del sitat og påstandar som eg ikkje heilt forstår kan nyttast i vitskapleg arbeid. Men kva veit eg om det? Eg er trass alt berre student.

Kjekt å sjå att gamle vener, drikka litt øl og nyta livet. Det meste er som før og heldigvis er, so langt eg har oppdaga til no, dei fleste eg kjenner her framleis.

Ragnhild