Raggisland

Ei hjartesukkside

Våren er her!

Endeleg er våren her! Sola skin. Folk smiler og kastar vinterkleda. Det er rart med det, men humøret til folk endrar seg so snart sola kikar fram og får sendt ein solstråle og to ned til oss. Saman med solstrålane kjem òg eksamensoppgåvene og bjørka som sender pollen ut i verda. Det er ikkje fullt so kjekt, men det tek ikkje vekk den herlege vårkjensla i kroppen. Den som gjer deg rastlaus, glad og yr. Som gjer at du reint mistar konsentrasjonen. Den som gjera at du gler deg til å verta ferdig for dagen. Ikkje av di du skal noko særskilt, men av di du skal ut. Ut og so gå heim.

Om våren gjer det ikkje noko om du brukar litt lenger tid på spaserturen til skulen om morgonen. Går og høyrer litt på fuglesongen, nyt morgonsola og smiler litt for deg sjølv, sjølv om du veit at klokka tikkar mot innlevering av den forferdelege oppgåva du ikkje greier å få skikkeleg tak på. Du har òg tid til ein kaffikopp i solveggen før du byrjar, og kan gjerne sitja ute litt lenger enn vanleg. Kanskje vonar du det gjev deg ei ekstra frekne på nasen? Det er godt å sjå ut som om du har tid til å nyta våren, sjølv om du må vera inne mesteparten av tida. Og når du tuslar inn att for å gjera det du må ein vanleg arbeidsdag, har du kanskje tid til å smila litt lenger meir enn vanleg til dei du møter. Berre av di du er so glad?

Våren er ei fin tid!