Raggisland

Ei hjartesukkside

På bokmål for folk flest?

Eg sit og les Bergens Tidende frå onsdag før skjærtorsdag. Påskeaviser varer ei stund. Du les dei onsdag, torsdag, kanskje fredag. So kjem det nye aviser laurdag, men det er jo enno to avisfrie dagar til, so du blar truleg gjennom avisa minst ein gong til i påsken. Kanskje vert avisa liggjande att på ei hytte eller i båten, og nokre les litt i avisene frå sist påske, om dei no ligg der. Det er vel får aviser som har so lang levetid som påskeavisene og vert lesne so mykje. Difor lurer eg litt på kvifor det er so lite nynorsk i påskeavisa til BT, og tykkjer det er litt rart at berre ein artikkel var å finna på nynorsk der.

Når du er nynorskbrukar og målmenneske skal du trø varsamt. Dersom du klagar på noko, ikkje er heilt nøgd eller vil ha dokument på nynorsk, får du høyra at alt målfolk gjer er å klaga og syta. Fundamentalistar, er dei. Ingenting er godt nok for nynorskbrukaren. Dersom du seier at noko burde vore annleis, eller spør nokon om kvifor dei har slutta å skriva nynorsk, er du ein moralist. Men når statistikken over kor mange som vil ha sjølvmeldinga på nynorsk kjem, får ein høyra at nynorskfolket aldri ber om nynorskblankettar. Det er truleg ikkje viktig for dei.

Korleis eg skal skriva vidare her utan å verta oppfatta både som det eine og det andre er eg ikkje sikker på. Og skulle nokon av dei eg skriv om lesa dette, vil dei sikkert kunna stempla meg som båe delar. På den andre sida, gjer dei det har eg jo eigentleg vunne. For då må eg ha treft noko.

Eg blar opp i Bergens Tidende, på fyrstesida i del 2 (s. 29). Vi som elsker "Sopranos" lyser overskrifta mot meg. Ein god artikkel, skriven av Marit Eikemo. Handlar om serien om mafiabossen Soprano, som er elska over heile verda, om den lokale varianten av sopranostrippebaren Bada Bing i Bergen, Club Erotica, og om historia om folka bak koseklubben, reaksjonane frå naboane i Bergen, om kommunen og dobbelmoralen. Heilsida handlar altso om mafia, sex og den ein sexklubb i Bergen. Saka er på mange vis aktuell, tek opp kommersiell, godteken underhaldning på fjernsyn og det urbane, ikkje aksepterte Club Erotica - på bokmål.

Blar er to sider fram, side 31, møter er overskrifta Heim for å rydda ut barndomen. Hilde Sandvik skriv om barndomsheimen i Ryfylke, som foreldra skal leiga ut til turistar. Huset er fråflytt og no er det tid for å rydda ut tinga sine og gjera huset klart til utleige. Artikkelen er god og rørande. Handlar om den fråflytte bygda, om kjensler og lengt. Om Per Bufast og om kva som er heim. Artikkelen liknar mykje på ein fantastisk tekst Per Andes Todal har på prent i siste Syn og Segn, ein tekst som bør lesast! Tematikken er den same i stykket til Sandvik. Det er personleg og handlar om barndomen og røtene, om heim og kanskje litt om valet ein gjer når ein flytter vekk. Ei høgaktuell problemstilling for mange. Artikkelen er skriven på nynorsk. Det er nesten sjølvsagt.

Eg snur arka og kjem til side 33. Og jammen meg har ikkje Hilda Sandvik skrive den sida òg. Men denne gongen på bokmål. Jesus, for ein mann. Ho skriv om påsken. Om Mel Gibsons jesusfilm, om 11. september, om sekularisering, om Bush og dei kristene amerikanarane. Nok ein god artikkel, som eg lærer av og les med interesse ? og undrar meg over kvifor han er skriven på bokmål. Dei to fyrste artiklane til redaktørtane går inn i eit klassisk mønster om bygd og by, kult og ukult, på bokmål på nynorsk. Siste, som har det religiøse i botnen, ville no i tradisjonell tenkjing kunna gått rett inn i det nynorske. Men her kjem jo den aktuelle filmen The passion of the Christ inn. Her er skriv ho om politikk, religion, det kommersielle. Er Sandvik redd for å verta stempla som ein målpietisk når ho skriv dette på bokmål?

Då Eikemo og Sandvik overtok skriftstyrarstolen i Syn og Segn (som er eit tidsskrift alle bør tinga) sa dei klårt frå om at det var viktig å få fleire kvinner til å skriva, fleire unge til å skriva og å syna at det er råd å skriva om alt på nynorsk. Men er det ikkje slik likevel? Er dei fanga av det mønsteret dei ville kjempa for å koma ut av? Og er det berre i Syn og Segn ein kan skriva om alt på nynorsk, medan det ikkje er råd i Bergens Tidende?

Sjølvsagt kan BT ha bede dei to redaktørane, som skriv mykje for BT, om å skriva bokmål i denne utgåva, sjølv om eg ikkje har noka tru på det. Det er berre ein tekst på nynorsk i utgåva, so det er no ingen grunn til at dei skulle ynskja å kvotera inn bokmål denne dagen. Det er vel dessutan sjeldan at ei BT-utgåva er stappfull av nynorsk og du ikkje finn nok bokmål til å gjera ein vanleg bergensar nøgd.

Kanskje hadde dei lyst til å skriva på bokmål for ikkje å skilja seg ut? Eller for å utvikla seg meir som skribentar? Det er ikkje lett for to profilerte nynorskredaktørar å gøyma seg vekk ved å skriva bokmål. Det er ingen som reagerer på at dei skriv nynorsk. Det er no noko ein ventar. Det er heller ingen som trur at ein nynorskbrukar ikkje kan skriva bokmål, difor treng ein heller ikkje prova at ?sjå eg kan, eg òg?. Det einaste eg trur dei kan oppnå ved å skriva bokmål i BT er a) "HÆ? Skriv dei på bokmål? Kvifor det? Hmm. Merkeleg." Ein reaksjon på målforma, men ikkje på innhaldet. Eller b) "Sopranos, ja. Kanskje seinare" Sjølvsagt kan ein eller annan nynorskhatar verta glad over å sleppa å lesa nynorsk, men kva ligg bak valet til redaktørane? Kvifor bokmål i påske-BT?

Knut Olav Åmås, redaktør i Samtiden, sa i eit intervju i Mål og Makt, (som òg er eit tidsskrift alle bør tinga) for snart to år sidan at han redigerte tidsskriftet på bokmål og skreiv bokmål for å utvikla seg sjølv som skribent. (Han skriv nynorsk for Samlaget). Kanskje det? Han kunne sagt at han ikkje ville fått lov til å redigera Samtiden på nynorsk om han hadde vilja, ettersom at tidsskriftet og forlaget har ein vedteke bokmål som deira språk, og andre kjelder har sagt at det hadde vore ei uaktuell problemstilling. Men kvifor skjedde dette då han flytte til Oslo? I Odda og i Bergen var det mogleg å skriva nynorsk, men ikkje i Oslo. Eg veit eg sikkert gjer personlege, truleg gjennomtenkte val svært enkle her, om det er sant veit berre dei sjølve, ikkje eg. Eg skriv berre om korleis ein nynorskbrukar oppfattar kva som skjer, frå ein ståstad utanfor dei.

Det finst sikkert mange personlege argument for kvifor ein vel å skriva litt nynorsk og litt bokmål i aviser og tidsskrift. Eg må likevel innrømma at eg ikkje forstår. Har ikkje unge nynorskredaktørar tru på eigne utsegner om at nynorsken er brukande til alt? Med posisjonar kjem valfridomen. Di større namn du har, di meir kan du bestemma sjølv. Difor kan Hompland velja å skriva litt nynorsk i Dagbladet. Men han kan òg velja, i tråd med nynorskforbodet i avisa, å ikkje skriva nynorsk, slik han oftast gjer. Men kallar det eit "val". Åmås og Syn og Segn-redaktørane er og kan vera gode førebilete for nynorskbrukarane i det dei skriv. Om dei nyttar posisjonane sine til å skriva nynorsk. Dei kan seia sjølvsagt seia at "Eg vil ikkje vera noko føredøme. Eg vil berre skriva, og skriva på det språket eg føler for til ei kvar tid", noko dei vil ha heilt rett i, dersom dei seier det. Problemet er at det er ikkje slik dei som les oppfattar det. Slike val vert oppfata som at har passar ikkje nynorsken. Dette må ein skriva på bokmål om. Men er det det de vil?